Seks mytar om seksualitet

Jomfruhinna finst, gutar har meir sexlyst enn jenter og fire andre mytar du ikkje bør tru på lenger.

Bente Kjøllesdal
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Ella de Figueiredo Lykke er rådgjevar hjå Sex og Politikk. Foto: Jo Michael

Kvart år i veke 6 løftar organisasjonen Sex og Politikk seksualitetsundervisninga i skulen med eigeprodusert undervisningsmateriell. I år er temaet #Verdifull – akkuarat som du er.

Undersøkingar har vist at ungdom er veldig glade for at det er meir openheit rundt seksualitet i dag. Likevel er det framleis mange som manglar informasjon, fortalde Ella de Figueiredo Lykke, rådgjevar i Sex og Politikk, til Framtida.no

Ho knusar nokre mytar som ofte går att om seksualitet og sex:

1. Debutalderen vert lågare og lågare kvart år.

– Han har vore veldig stabil i mange år, poengterer Lykke.

Ifølgje Bufdir er gjennomsnittleg debutalder for jenter kring 16,7 år og gutar kring 17,9 år, og debutalderen har vore stabil i mange tiår.

2. Jomfruhinna er ei hinne som sprekk første gong ein har sex

– Jomfruhinna finst ikkje. Ein har noko som heiter skjedekrans, som er ein slimhinnefold i skjeden, men ein kan ikkje sjå på skjedekransen om nokon har hatt sex, forklarar Sex og Politikk-rådgjevaren.

Kransen finst i alle mogelege former, og når jenter kjem i puberteten vert skjedekransen veldig elastisk.

3. Folk med funksjonsnedsetjing har ikkje sex

– Feil! svarar Ella de Figueriedo Lykke kort og konsist.

Sjølvsagt har folk med funksjonsnedsetjing også sex. Organisasjonen Unge funksjonshemmede har i fleire år arbeidd for å knuse mytar som at personar med funksjonsnedsetjingar og kroniske sjukdommar ikkje har ein seksualitet og eit sexliv.

– Det er ein myte at funksjonshemma ikkje kan vere sexy og sensuelle. Berre sjå på meg! Eg nektar å la stereotypiane kontrollera meg, seier Sally i foto- og bloggprosjektet #jegelsker. Foto: Unge funksjonshemmede/Brian Cliff Olguin

I 2017 laga organanisasjonen fotoutstillinga Jeg elsker, og i 2019 vart Unge funksjonshemmede og dåverande prosjektleiar Anette Remme nominerte til Skamløsprisen for arbeidet med å vise at alle har ein seksualitet uansett funksjonsevne.

4. Ein kan ikkje verte gravid om ein har sex under mensen.

– Det kan ein, slår Lykke fast.

Sjølv om det ikkje er veldig sannsynleg at ein vert gravid medan ein har mensen, så kan det skje. Det finst ikkje nokon «trygg» periode. Så, bruk prevensjon om du ikkje vil verte uventa gravid.

5. Gutar har meir lyst på sex enn jenter

– Det er heilt individuelt kor mykje sex ein har lyst på – sexlyst avheng ikkje av kjønn. Ho kan òg kome og gå, om ein til dømes er veldig stressa er det mange som opplever at ho er litt vekke, seier Lykke.

6. Det er først sex når det er penetrering

– Sex kan vere veldig mange ting, og kva som definerer sex er forskjellig frå person til person. Vi likar forskjellige ting, og difor er det viktig å prate med partnaren din, understreker Lykke.

Det treng altså ikkje vere nokon penis i vagina for at det er sex.


Marianne Knudsen og Ida Dignes har podkasten Hemma og er årets ambassadørar for Veke 6.