Kraftig auke i melde seksuallovbrot som involverer barn og unge

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Totalt vart det i fjor meldt 8.006 seksuallovbrot til politiet, mot 6.874 i 2020, viser nye tal frå Politidirektoratet.

Seksjonssjef John-Magnus Løkenflaen i Politidirektoratet. Foto: Politiet.no

Auken i talet på politimeldingar er spesielt stor for innehaving og spreiing av overgrepsmateriale og framstillingar som seksualiserer barn.

Der kom det i fjor 1.540 meldingar, mot 1.107 i 2020 – ein auke på 39,1 prosent.

Det er òg ein auke i andre typar seksuallovbrot mot barn, der også ein vesentleg del er gjort via internett.

– Den veksten vi ser innanfor dette området, bekymrar politiet. Barn og unge brukar sosiale medium i aukande grad til deling og omsetning av eigenprodusert seksualisert materiale. Dei siste åra er det registrert ein auke i talet på aktørar som betaler mindreårige for seksualiserte bilete, seier seksjonssjef John-Magnus Løkenflaen i Politidirektoratet i ei pressemelding.

Deler nakenbilete av ungdom på Snapchat

Omfanget av overgrepsmateriale og eigenprodusert seksualisert materiale på internett har ifølgje Politidirektoratet auka kvart år dei siste åra.

Nakenbilete av ungdom blir delte i hovudsak på Snapchat. I tillegg blir det ofte nytta digitale plattformer som Omegle, Tinder og Badoo til å komme i kontakt med dei fornærma.

Politiet trur trenden vil halde fram.

– Det er sannsynleg at både omfanget av aktørar som kjøper eigenprodusert seksualisert materiale og talet på fornærma vil auke som følgje av låg risiko for å bli oppdaga for gjerningspersonen og at den fornærma blir motivert av profitt, seier Løkenflaen.

– I nokre tilfelle utviklar relasjonen seg til fysiske møte der den mindreårige blir pressa eller forleidd til fysiske seksuelle handlingar, seier leiar for seksjon for internettrelaterte overgrep ved Kripos, Lise Matheson.

Ho ber foreldre å snakke med barna sine om trygg bruk av internett.

Fleire meldingar av barnevaldtekter

I fjor var det òg ein stor auke i talet på politimeldingar av valdtekt av barn under 14 år – frå 785 saker i 2020 til 893 saker i 2021. Det utgjer ein auke på 13,8 prosent. Andre valdtekter har auka med 10,5 prosent, frå 1.527 saker i 2020 til 1.688 saker i 2021.

– Dette er eit kriminalitetsområde som også er prega av mørketal, og vi kan derfor ikkje sjå bort frå at det reelle talet er høgare, seier Løkenflaen.

Politiet kan førebels ikkje konkludere om kvifor talet på valdtektsmeldingar aukar. Statistikken viser at det ofte tek tid før fornærma melder seksuallovbrot.

Rundt 30 prosent av meldingane av valdtekt av barn under 14 år kjem meir enn fem år etter at valdtekta skal ha skjedd.

– Det betyr at tala vi ser for 2021, berre delvis skildrar nosituasjonen. Vi må gjere nærare analysar for å avdekkje årsakssamanhengen. Ein fasit på korleis pandemiperioden har påverka kriminalitetsstatistikken på dette området vil vi truleg ikkje få før om nokre år, seier Løkenflaen.

Mia Landsem, kjend for innsatsen sin mot ulovleg deling av nakenbilete på internett, gir 20. august ut boka “Trygg på nett” retta mot barn og unge. Foto: Guri Pfeifer/Cappelen Damm