Over 50 prosent fleire melde seksuallovbrot mot barn i årets fire første månader

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Det er ein auke på 53,6 prosent frå i fjor.

Talet kjem fram i rapporten frå politiet over meldingar dei første fire månadene i år. I alt vart det meldt 367 fleire saker om seksuallovbrot mot barn under 16 år enn i same periode året før.

– Auken i talet på melde seksuallovbrot kjem særleg på grunn av at det i første tertial 2021 er avdekt fleire store nettovergrepssaker, og at det rett etter at pandemitiltaka vart sett i verk i 2020 vart meldt svært få saker, seier politidirektør Benedicte Bjørnland.

Ho understrekar likevel at det er grunn til å tru at mørketala framleis er svært store når det gjeld seksuallovbrot.

Lågare behandlingstid

Totalt vart det meldt 34,8 prosent fleire seksuallovbrot frå januar til mai enn i 2020. Talet omfattar òg 489 meldingar for valdtekt, noko som er ein auke på nesten 11 prosent frå i fjor.

Gjennomsnittleg saksbehandlingstid for valdtektssaker med frist er redusert sidan nyttår og er den lågaste på fem år, ifølgje Politidirektoratet. Oppklaringsprosenten i valdtektssaker er på 33 prosent.

Det er nokre lokale variasjonar og distrikt som ligg under kravet som vil bli følgt opp vidare, går det fram av rapporten.

Trekker fram politireforma

Justisminister Monica Mæland (H) meiner dei auka tala stadfestar at politireforma har vore viktig for å styrkje kompetansen i politiet til å avdekkje seksuallovbrot.

Justis- og beredskapsminister Monica Mæland. Foto: Hans Kristian Thorbjørnsen, Høyre

Ho meiner ei reversering av reforma, som nokre parti har teke til orde for, er feil grep når ein ser ei utvikling der tradisjonell kriminalitet fell og fleire seksuallovbrot blir melde.

– Å bli utsett for seksuallovbrot er ei alvorleg krenking som offer må leve med i lang tid, og derfor meiner vi at vi må ta vare på offer for kriminalitet betre i tida framover gjennom å auke bruken av omvend valdsalarm og betre varslingsrutinar når innsette er ute av fengsel, seier Mæland i ein kommentar.


Illustrasjonsfoto: Uriel SC, Unsplash.com