«Når vart det greitt å pushe slankepiller på 13-åringar?»

Lea Mariero
Publisert
Oppdatert 20.04.2023 10:04

Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar.

Vi som er unge i dag har vakse opp med eit tydeleg ideal – er du tynn er du vakker, har du musklar er du kjekk.

Frå The Biggest Loser på tidleg 2000-talet til 16 ukers helvete i 2022, midt i eit hav av slankepiller, proteinpulver og feittforbrennarar, er vi oppdregne til å knyte verdien vår opp mot baderomsvekta.

Kjappe og enkle, om enn dyre, løysingar vert presenterte for at vi skal verte ein litt betre versjon av oss sjølv.

Gullbarbien går til den reklame- og medieaktøren som er best på å få ungdom til å føle seg verst: Press

Samfunnet ser ut til å måle helse først og fremst i kilo, BMI og midjemål – som om vi vert lukkelegare av å vere tynn og trent. Å trene og ete sunt er openbert bra for alle, men det veit vi alle.

God helse handlar like mykje om vår psykiske helse som vår fysiske helse. Likevel meiner halvparten av norske 15 år gamle jenter at dei er overvektige, trass i at berre 9 prosent faktisk fell innanfor denne kategorien.

Helse er meir enn BMI og midjemål

Om vi skal diskutere helse og kropp i eit samfunnsperpektiv må vi definere kva god og dårleg helse er, og at helse er meir enn BMI og midjemål. Vi som er unge i dag vert derimot presenterte med ei verkelegheit der det er utsjånaden vår som er den avgjerande helsefaktoren.

Om ein skal ha ein debatt om overvekt og folkehelse blant ungdom er det vi er det kor viktig det er å ete variert og trene jamleg som burde stått i fokus, ikkje vektnedgang og kaloritelling.

7 av 10 jenter og halvparten av gutar vil endre noko ved sin eigen kropp. I tillegg er halvparten av barn og unge misfornøgde med kroppen sin, og ein av ti vil endre seg ved hjelp av kosmetiske inngrep.

Likevel vert debatten avfeia og svart med at kroppspress er bra fordi ungdom bør verte sunnare.

Tenar pengar på vår usikkerheit

I altfor mange år har vår fysiske helse vorten rekna som viktigare enn vår psykiske helse, samstundes som psykiske helseplagar blant barn og unge aukar.

Talet barn og unge som slit med eteforstyrringar har auka drastisk under pandemien, og 3 av 10 jenter i vidaregåande har eit høgt nivå av depressive symptom.

Vi som samfunn må ta ansvar for konsekvensane av kva vi ukritisk pushar mot ungdom. Når vi ser «overvektige» kjendisar med ekstreme diettar som lett underhaldning på TV 2, etterfølgt av reklamar for produkt som protein.no hevdar skal brenne feittet vårt om natta, kan det ha helseskadelege konsekvensar for barn og unge.

Vi må innsjå at det er eit enormt pengespel som styrkar seg på at vi skal ha eit mest mogeleg uoppnåeleg ideal. Influensarar, bedrifter og TV-program tener millionar av kroner på å halde fram å marknadsføre seg på dette idealet, slik at vi kjøper nettopp deira produkt.

Det er ikkje på grunn av helse vi berre har eitt skjønnheitsideal, det er slik at dei enorme kreftene i reklame- og mediebransjen held fram å tene pengar på vår usikkerheit.


Emilie Hansen reagerer på at legen tok opp BMI utan å forhøyra seg om hennar forhold til mat og kropp. Foto: Privat