«Difor må me ta eit oppgjer med Black Friday»
– Alle forventingane som butikkjedene byggjer opp i vekene før Black Friday fører til at me forbrukarar kjøper unødvendig mykje av ting me ikkje treng, skriv Ingvill Mathilde Torgersen.
Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar.
November er her og det betyr ikkje berre mørketid, men også mørke tal for klima og natur. Black Friday er rett rundt hjørnet, i godt selskap med Black Week. Dette gir store svarte tal for klimaet, og fører til store naturtap.
Overforbruk er eit stort problem, og ein av hovudgrunnane til auka utslepp og store tap av natur. Kvart år spring folk ut i gatene og stiller seg opp framføre butikkar før opning for å vere dei fyrste som får med seg dei «beste» tilboda under Black Week. Alle forventingane som butikkjedene byggjer opp i vekene før Black Friday fører til at me forbrukarar kjøper unødvendig mykje av ting me ikkje treng.
Butikkjedene rundt om i verda framstiller tilboda under Black Friday som noko heilt spesielt, men eigentleg er dette ein måte å lure oss til å kjøpe ting me ikkje har behov for.
Realiteten er at me lever i eit bruk-og-kast-samfunn, men det er ikkje berre her utsleppa dukkar opp. Mykje av utsleppa og naturtapet kopla til forbruk kjem frå produksjonen. Produksjonen av klede, teknologi og andre forbruksvarer brukar av naturressursane våre, og krev mykje energi, vatn og kjemikalium. Konsekvensane av dette er store utslepp i form av klimagassar, mikroplast og miljøgifter, som påverkar hava våre, naturen vår og sett store fotspor i klimarekneskapen vår.
Black Friday er ei påminning om at det snart er jul. Kvart år brukar nordmenn fleire milliardar på julegåver, trass i at dei fleste nordmenn har det dei treng.
Er det eigentleg nødvendig å kjøpe massar av julegåver til store summar kvart år? Resultata av dette peikar mot nei.
Berre i november og desember driv nordmenn fram over ein million tonn CO₂-utslepp. Desse utsleppa er 2 prosent av Noreg sine årlege utslepp. Dette er høgare utslepp enn gassanlegget Melkøya, som er ein av våre største utsleppsgigantar. Sjølv om konsekvensane både er mange og store, evnar me å bruke pengar på julegåver ein godt kunne klart seg utan. Black Friday oppmuntrar til overforbruk, og det er lett å hamne i fella der ein gjer impulskjøp om ein fyrst hamnar i butikken på Black Friday.
For å løyse klimakrisa treng me store utsleppskutt. FN sitt klimapanel meiner at me kan kutte mellom 40–70 prosent av utsleppa våre ved å redusere forbruk. Difor må me ta eit oppgjer med Black Friday.