Studiebarometeret: Koronapandemien gir dårlegare kvalitet på undervisninga

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Fleire studentar var mindre fornøgde med fagleg og sosialt læringsmiljø i 2021 samanlikna med 2019 og tidlegare år. På nasjonalt nivå har vi, i heile Studiebarometerets historie, ikkje observert større endringar på enkeltspørsmål enn på desse, heiter det i rapporten som er utarbeidd av Nasjonalt organ for kvalitet i utdanninga (Nokut).

Studentane vart òg bedne om å svare på om dei vart godt integrerte i eit sosialt studentmiljø. Ein tredel av studentane var usamde i dette, og det er store variasjonar på tvers av institusjonane.

Koronapandemien påverka studiekvardagen

Nokut understrekar at både dei tilsette og studentane var sterkt påverka av koronapandemien i 2021. Dei fleste studentane som svarte på Studiebarometeret i 2021, byrja som studentar hausten 2020 og har berre opplevd studia i ein pandemisituasjon.

Dermed kunne ein tenkt seg at desse studentane hadde hatt ei meir positiv oppleving enn studentane som opplevde den plutselege nedstenginga av samfunnet våren 2020, men det verkar ikkje å vere tilfelle, ifølgje Nokut.

Dårlegare kvalitet på nettundervisning

– Sjølv om studentane var klar over situasjonen då dei byrja på studieprogrammet, var det nok ei forventning om at situasjonen skulle normalisere seg raskare enn det som vart resultatet, heiter det.

Nesten 60 prosent av studentane meiner at nettundervisninga under koronapandemien har dårlegare kvalitet enn ho ville hatt om undervisninga var fysisk, og over 60 prosent meiner at nettundervisning er mindre motiverande enn fysisk undervisning.

Fleire studentar synest det er for lite rettleiing og tilbakemeldingar. Dette har i fleire år vore blant dei områda i Studiebarometeret der studentane er minst fornøgde. Det gjeld òg i 2021. Ein tredel av studentane er ikkje tilfreds med talet på tilbakemeldingar dei får frå fagleg tilsette på arbeidet sitt.

Meir tid blir brukt på eigenstudium

Totalt brukte studentane 33,9 timar på fagleg arbeid i 2021. Det er uendra sidan året før og ein trend som starta før pandemien. Både 2020 og 2021 skil seg likevel frå tidlegare år ved at mindre tid blir brukt på organiserte læringsaktivitetar (14,9 timar i 2021), og meir tid blir brukte på eigenstudium (18,7 timar i 2021). Årsaka er sannsynlegvis at nokre undervisningsaktivitetar blir avlyste som følgje av pandemien.

På nasjonalt nivå har tida studentane oppgir å bruke på betalt arbeid, auka frå 7,9 timar i veka i 2020 til 8,8 timar i veka i fjor. Samanlikna med 2019 har auken vore spesielt stor i profesjonsstudiar innanfor helsefag. Det er òg ein klar auke blant barnehagelærar- og grunnskulelærarutdanningane.

Den nasjonale studentundersøkinga Studiebarometeret blir utført av Nokut på oppdrag frå Kunnskapsdepartementet. Undersøkinga vart gjennomført for niande gong hausten 2021. Om lag 30.000 studentar svarte på undersøkinga, noko som utgjer ein svarprosent på 41.


Universitetet i Agder startar det første studiet i Europa i akademisk e-sport. Foto: Pexel.com