Regjeringa legg fram samtykkelov før påske
Regjeringa varslar at dei kjem til å leggje fram ei ny samtykkelov før påske. Ordlyden i lovforslaget er førebels ukjend.

– Alle i Noreg skal kjenne seg trygge. Og vi ser at når det gjeld seksualisert vald, så er det veldig viktig at vi sikrar ein betre rettstilstand her i Noreg, seier justisminister Astri Aas-Hansen (Ap) til NRK.
Samtykkelova skal setje opp rammene for kva som juridisk sett skal omfattast av valdtektsregelen i straffelova, og kva som skal kunne reknast som kvalifisert samtykke til å ha sex med ein annan person.
For at lovforslaget skal kunne behandlast av Stortinget før sommaren, må forslaget leggjast fram innan utgangen av april. Ordlyden i lovforslaget er førebels ukjend.
I desember lova dåverande justisminister Emilie Enger Mehl (Sp) at den varsla samtykkelova kjem til Stortinget før påske.
Allereie då Arbeidarpartiet og Senterpartiet meisla ut Hurdalsplattforma i 2021, vart det varsla at regjeringa skulle få på plass ei ny samtykkelov. Sidan den gongen har straffelovsutvalet komme med sine tilrådingar til endringar i lova.
● Les også: SV etterlyser samtykkelov – har mista tolmodet