– Alle kan bli forelska – og alle har ein seksuell identitet

Svein Olav B. Langåker
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Me ville laga fotoutstillinga Jeg elsker for å vise at unge med funksjonsnedsettingar og kroniske sjukdomar har ein seksualitet pa linje med alle.

Dét seier generalsekretær i Unge funksjonshemmede, Synne Lerhol (bildet).

– Nar me som samfunn overser at ungdom med funksjonsnedsettingar har dei same kjenslene, draumane og behova som andre, hindrar me folk i å leva ut seksualiteten sin ope og trygt. Det vil me gjera noko med, legg ho til.

– Stolt

Utstillinga tematiserer kropp, sjølvbilde, kjærleik, lyst og lengsel og er eit samarbeid mellom Unge funksjonshemmede og dokumentarfotograf Brian Cliff Olguin.

Olguin mottok pris i den gjæve portrettkatagorien då Pressefotografenes klubb kåra Årets bilde 2016.

I utstillinga møter ein ti personar med funksjonsnedsettingar.

– Me er veldig stolte over utstillinga, og dei som har stilt opp, seier Synne Lerhol.

Unge funksjonshemmede har eit eige prosjekt om seksuell helse for unge med funksjonshemmingar og kroniske sjukdommar, og etterlyser ein meir open og inkluderande seksualundervising.

– Er eg bra nok?

Celine og kjæraste Jan Henrik. Foto: Unge funksjonshemmede/Brian Cliff Olguin

Celine har stilt opp i utstillinga saman med kjærasten Jan Henrik. Til utstillinga skriv ho ein kort tekst om korleis ho møtte kjærasten:

– Me møttest på Tinder for 9 månader sidan. Her fortalde eg Jan Henrik om amputasjonen av dei venstre beina mitt under kneet og om den kroniske sjukdomen min, ryggmargsbrokk. Eg synest det var ein fin måte å fortelja det på, då dette er ein viktig del av meg og det som kanskje definerer meg. Det var mindre skummelt, og bak skjermen fekk me tid til åla det søkka inn. Nye utfordringar har oppstått etter møtet vårt på Tinder, men ikkje noko anna menneske i verda kunne ha takla det så bra som min kjære Jan Henrik.

Celine trur dei fleste menneske, uavhengig av kronisk sjukdom, har eit ønske om å passa inn som «normal».

– Av og til lurer eg på om eg, med funksjonsnedsettinga mi, er bra nok for andre. Men det kjem eit punkt i livet der ein må innsjå at ein kanskje er litt forskjellig enn det «normale» mennesket, og akseptera og vera stolt av seg sjølv for han ein er, seier ho.

Utstillinga opnar i dag, laurdag, og står i Eldorado Bokhandel heile juli.