Prosjektleiar i Unge funksjonshemmede Anette Remme er éin av tre nominerte til Skamløsprisen 2019.
mm

– Det er mange som skammar seg over mykje, difor er det jo skamlaust å snakka om funksjonsnedsettingar. Både kroppar som er annleis og at dei òg har ein seksualitet, seier Anette Remme.

Som prosjektleiar i Unge Funksjonshemmede er ho éin av tre nominerte til Skamløsprisen 2019, som vert delt ut av Sex og samfunn.

Samfunnsvitaren har vore tilsett i organisasjonen sidan 2016, då dei sette i gang satsinga på å løfta seksuell helse blant funksjonshemma både blant helsepersonell og ålmenta generelt.

Avseksualisert minoritet

Noko av det som har skapt mest merksemd var fotoutstillinga «Jeg elsker» som vart stilt ut på bokbutikken Eldorado i 2017.

Ifølgje Remme er det mange av medlemmene deira som både i møte med helsevesen og andre menneske opplever å bli «avseksualisert», at ein blir behandla som om ein ikkje har ein seksualitet.

– Me snakkar om ein minoritet som møter mange fordommar. Ungdom med funksjonshemming er eigentleg ikkje så annleis frå andre ungdommar. Dei har mange av dei same spørsmåla og går gjennom pubertet og utvikling og skal bli vaksne, seier Remme.

– No har eg innsett at sjølv om eg ikkje har ein kropp som er lik alle andre sin, så er han vakker! seier Marianne i utstillinga «Jeg elsker» frå Unge funksjonshemmede. Foto: Unge funksjonshemmede/Brian Cliff Olguin

Kjærleik, eller ingen kjærlek

I tenåra er mange uroa for å ikkje vere god nok og få seg kjærast, ei frykt som òg mange med nedsett funksjonsevne fortel om.

– For mange er det kanskje ei redsle ein har på barneskulen og slutten av ungdomsskulen, så går det over etter kvart om ein får erfaringar med at det er nokon som likar meg òg, seier Remme.

Ho fortel om foreldre som har sagt: «Du kjem ikkje til å få kjærast», for å senkja forventingane til borna sine, noko ho ikkje trur er vegen å gå.

Ho trur det er særleg viktig at om ein er mykje i kontakt med helsevesenet møter fagpersonar som stiller spørsmål og ser heile mennesket, som spør: «Korleis har du det?», «Har du kjærast?» og «Har du vener?».

– At ein får litt anerkjenning på at me forventar at du har folk som skal vere glad i deg. Og at ein ser i bøker, på teater og i filmar at andre som liknar på meg og har same diagnose òg har kjærastar.

I utstillinga «Jeg elsker» møtte ein òg Celine, som har ryggmargsbrokk og amputert fot. Foto: Unge funksjonshemmede/Brian Cliff Olguin.

– Alle har ein seksualitet

– Storsamfunnet må anerkjenna at alle har ein seksualitet – gjennom heile livet. Både barn og vaksne, ungdom og gamle, friske og sjuke – alle, seier Remme.

Ho understrekar at seksualitet handlar om meir enn sex.

– Det kan godt hende at nokon ikkje får til ein standard forventning om kva eit samleie skal vere, men ein har likevel kjensler og er forelska. Alle treng nærleik og det er mykje det seksualiteten vår handlar om: Å ha det godt i sin eigen kropp og knytte seg til andre menneske.

Ho ser at mange aktørar som er flinke på seksualitet og ungdom, har hatt lite fokus på nedsett funksjonsevne. Det kan handla om noko så grunnleggjande som universell utforming, at nettsider er tilgjengelege òg for blinde og at det er rampar som gjer at ein med rullestol kjem seg inn på helsestasjon for ungdom.

– Men så handlar det òg om måten ein blir møtt på. At ein får moglegheita til å snakke om det ein faktisk lurer på, understrekar Remme.

Les også: – Kvinner med funksjonsnedsettingar møter fleire hinder enn andre kvinner

Diagnose-fokuset

32-åringen fortel at mange føler det blir mykje fokus på diagnosen og at dei ikkje vert sett for det heile mennesket dei er og at det lett vert eit «problem-fokus».

– Sjølv om ein kanskje har ein kvardagsassistentar med seg 24 timar i døgnet, så kan det hende at for den det gjeld så er det heilt naturleg. Ein tek medisinane sine og det går av seg sjølv, medan det ein tenkjer mykje på og er oppteken av er kanskje forelsking, eller vennskap. Er eg skeiv, eller er eg hetero? Kor feminin vil eg vere?

Remme meiner at på same måte som ein ikkje lenger berre går ut ifrå at alle er heterofile, burde ein heller ikkje berre gå ut i frå at alle er funksjonsfriske.

Dei siste åra har Unge funksjonshemmede delteke i Pride-paraden: 

 

Se dette innlegget på Instagram

 

I dag var vi på #pride🌈 flåte med @pefung, @funkisungdommen og @funkisstudentene. Kjempegod stemning og topp vær 😎

Et innlegg delt av Unge funksjonshemmede (@ungfunk)

Normalisering av ulike kroppar

– Slik som det er i dag er det mange som føler at det vert veldig usynleggjort i samfunnet. Det vert mykje fokus på slanke og friske kroppar – så kroppspress er absolutt ein del av det, seier Remme.

32-åringen meiner at om det vert betre representasjon av menneske med ulikt funksjonsnivå i media vil det verte lettare å til dømes gå på ein Tinder-date og fortelje at ein har ein kronisk sjukdom.

– Det skulle vore normalt for oss alle å sjå ulike kroppar, som er korte og skeive og annleis og manglar nokre kroppsdelar og så vidare, avsluttar ho.

Les også om Guro Helene (22), som kjem til å bli blind før ho er førti:

Oppdatert: onsdag 10. juli 2019 08.41

Kommentarar

ANNONSE