Veke 6-ambassadørane: – Klart at vi har kjent på det å vere annleis

Bente Kjøllesdal
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Det er mange unge som opplever at dei ikkje passar inn i ei norm. Det er viktig å forstå at det ikkje er dei det er noko gale med, men norma, fortel Ida Dignes (25) og Marianne Knudsen (22) på e-post til Framtida.no.

Saman er dei to ambassadørar i Veke 6, Sex og Politikk si årlege kampanjeveke for betre seksualitetsundervisning i skulen.

Dignes og Knudsen understreker kor viktig det er å bryte ned fordommar mot det ein opplever som «annleis»

– Ikkje minst er dette noko mange med funksjonsnedsettingar føler på, i likskap med andre normbrytarar og minoriserte grupper.

#Verdifull

Årets tema i Veke 6 er #Verdifull – akkuarat som du er, og elevar landet rundt skal tryggast på at dei er gode nok som dei er, og at mange av normene og forventningane rundt seksualitet ikkje stemmer overeins med røynda.

Dignes og Knudsen fortel at det var ei ære å verte spurd om å fronte bodskapen.

– Normkritikk og positiv seksualitet er viktige tema i podkasten vår, så det er det gledeleg å få sett endå meir søkelys på.

Det er viktig å forstå at det ikkje er dei det er noko gale med, men norma

Saman har dei podkasten Hemma, som dei også mottok Skamløsprisen 2021 for. I den nyaste episoden snakkar dei om kampanjeveka og korleis variasjon er normalen.

I episoden fortel dei begge at deira eiga seksualitetsundervisning i skulen ikkje heldt mål, og at dei skulle ynske dei hadde eit liknande tilbod som det dei no er ambassadørar for:

– Veke 6 er viktig for å bli betre kjend med seg sjølv og andre sine grenser, for å kunne ta meir informerte val, førebygge mobbing og overgrep, og vonleg bidra til litt diggare sex, fortel dei til Framtida.no.

Dignes og Knudsen understrekar kor viktig det er at unge får normkritisk, heilskapleg, alderstilpassa og poisitv seksualitetsundervisning:

– Skulen er den viktigaste læringsarenaen og har allereie ansvar for seksualitetsundervisning. Ho er berre ikkje god nok slik ho er i dag.

Frå rein forplantningslære til det heilskaplege biletet

Undersøkingar har vist at ungdom er veldig glade for at det er meir openheit rundt seksualitet i dag. Likevel er det framleis mange som manglar informasjon, fortel Ella de Figueiredo Lykke på telefon til Framtida.no. 

Ella de Figueiredo Lykke er rådgjevar hjå Sex og Politikk. Foto: Jo Michael

Ho er rådgjevar hjå Sex og Politikk, og ansvarleg for å koordinere Veke 6.

Seksualititetsundervisninga i skulen har kome langt frå då Lykke sjølv var elev. Då ho sat på skulebenken var det berre fokus på forplantning og det juridiske i seksualitetsopplæringa.

Det vart ikkje via særleg tid til det heilskapelege biletet, til prat om kropp, grenser og kommunikasjon mellom partnarar.

Sjølv om dagens undervisning har oppdatert pensumet og læreplanen legg opp til ei god seksualitetesundervisning, så kan ein likevel sjå at ho vert vekkprioritert, ifølgje Lykke:

– Det sit nok nokon rundt i Noreg og ikkje føler seg heilt inkludert. Det finst mange engasjerte lærarar som gjerne vil undervise om seksualitet, men som manglar ressursar, held ho fram. 

Det er difor organisasjonen har utvikla undervisningsmateriellet i Veke 6. Ho peikar på at seksualitetsundervisning er noko som må verte prioritert på fleire nivå, også av skuleleiinga og kommunen.

Normalen

I ei tid med sosiale medium fullpakka av retusjerte bilete med filter på, meiner Ella de Figueiredo Lykke at årets tema er ekstra viktig.

– Mange kan kjenne på å ikkje vere god nok og føle seg feil. 

Ho rosar Ida Dignes og Marianne Knudsen som no er med på Veke 6-laget, for å vere opptekne av å ha ei seksualitetsundervisning der ein inkluderer minoritetar og funksjonsvariasjon. 

Mange kan kjenne på å ikkje vere god nok og føle seg feil

– Om vi, som ein del av seksualitetsopplæringa, lærer at «nokre gjer det slik, medan andre gjer det slik», så blir også det som vert oppfatta som utanfor norma i dag ein del av normalen. 

– Heldigvis er det mange som gjer det allereie, men det handlar berre om å nå ut til skulane. No handlar det om å komme ut med informasjonen vår til heile Noreg. 

Illustrasjonsfoto: Charles ?? /Unsplash

«Feilvare»

Ida Dignes og Marianne Knudsen fortel at dei sjølv har kjent at dei ikkje passar innanfor ein såkalla «normal».

– Vi er begge skeive og funksjonshemma, så det er klart at vi har kjent på det å vere annleis, for ikkje å seie «feilvare». Ein del av dette er òg å bli behandla som ein ting, og ikkje eit menneske, fortel dei og held fram:

– Vi veit no at det er samfunnet det er noko gale med, og vi finn oss ikkje i å bli reduserte til medisinske tilfelle og objekt.

Etter at dei innsåg dette, så vart det viktig for dei å bidra til at også andre innser at dei er verdifulle nett slik dei er.

Som Veke 6-ambassadørar håpar dei å vekke engasjement og auke medvitet om at variasjon nettopp er normalen:

– At det er viktig å framelske mangfaldet – og at ein skal elske seg sjølv.


Gjermund Øystese var avhengig av pornografi i ungdomsåra: – Som tenåringar flest blei eg nysgjerrig. Foto: Privat