Ekspertar uroa over nedgang i kondombruk blant unge

Mange unge er ikkje bekymra for å få klamydia fordi dei trur det er lett å behandle, ifølgje Sex og samfunn.

Nynorsk Pressekontor
Publisert

Frå 2023 til 2024 fall bruken frå 37 prosent til 35 prosent blant dei mellom 16 og 35 år som brukte kondom siste året, skriv NRK.

Pål Hansen, brand manager i RFSU Norge, uttrykkjer bekymring over denne utviklinga.

Han påpeikar at norske ungdommar er dårlegast i Norden på å bruke kondom ved første samleie med ein ny partnar.

40% brukar kondom med ny partnar

Berre 40 prosent av nordmennene brukte kondom sist dei hadde sex med ein ny partnar, ein nedgang frå 47 prosent året før.

– Mange seier at å bruke kondom kan vere litt klønete, og at sex med kondom ikkje er like digg.

Dessutan kan kondom-praten bryte den gode stemninga, seier Hansen til NRK.

Lege Trine Aarvold hos stiftelsen Sex og samfunn åtvarar om at denne trenden kan føre til auka spreiing av kjønnssjukdommar, særleg klamydia.

Ho meiner at mange unge ikkje er bekymra for å få klamydia fordi dei trur det er lett å behandle.