Kommunestyret følgde dermed innstillinga frå kommunedirektøren om å avvikle nynorsk som hovudmål ved Hemsedal barne- og ungdomsskule, skriv Hallingdølen.
Innstillinga gjekk likevel imot resultatet i skulemålsrøystinga i fjor haust, som gav ei knapt fleirtal i favør av nynorsken. Det har skapt debatt i bygda. 49,9 prosent av stemmene landa på nynorsksida.
«Du fortena ein som meg»
I kommunestyret var fleirtalet for bokmål også knapt då kommunestyret røysta over eit motforslag om å behalde nynorsken som skulemål. Forslaget fall med åtte mot ni stemmer.
Representanten som fremja forslaget om å halde fram med nynorsk, Norunn Rivedal (Sp), gjekk på talarstolen i ein genser med Daniel Kvammen-sitatet «Du fortena ein som meg» på, fortel Hallingdølen. Det var likevel ikkje nok til å overtyde andre enn dei raudgrøne, representantane frå Sp, Ap og SV.
