Forbyr mobiltelefonar i den danske grunnskulen

Regjeringa i Danmark har bestemt at landets grunnskular skal bli mobilfrie frå skuleåret 2027/2028.

Ragnhild Marie Kjosbakken
Publisert

Denne saka vart først publisert av Framtida Junior.

Mobilforbodet, som trer i kraft frå neste år, vil gjelde i undervisningstida og i pausar på grunnskular. Det vil seie både private og offentlege barne- og ungdomsskular i Danmark. I tillegg vil forbodet gjelde på SFO og under andre fritidstilbod.

Det skriv den danske nettavisa politiken.dk.

Det vil vere forbode med både mobiltelefonar og andre elektroniske einingar med tilgang til internett. Korleis det skal bli sikra at forbodet blir følgt, er opp til kvar einskild skule.

Grunnen til at dei forbyr mobiltelefonar, er at dei ønskjer meir ro på skulen, og at det skal vere enklare for elevane å konsentrere seg og følgje med.

– Barn skal kunne gå på skulen utan å heile tida bli forstyrra av for eksempel sosiale medium, netthandel og gaming, seier den danske kunnskapsministeren Magnus Heunicke i ei pressemelding.

I tillegg til mobilforbod vil også bruken av kunstig intelligens (KI) bli avgrensa i den danske grunnskulen frå neste skuleår.