Utdanningsdirektoratet tilrår å avlyse vårens eksamen
Måndag leverte Utdanningsdirektoratet si risikovurdering av eksamen våren 2022. Direktoratet tilrår å avlyse eksamen.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
– Pandemien har påverka kvaliteten i opplæringa, men i ulik grad. Elevane har difor hatt ulike rammer for opplæring og vil ha ulikt grunnlag for sluttvurdering denne våren, seier direktør Hege Nilssen i ei pressemelding.
Unntak for privatistar
Ho påpeikar at eksamen er ein viktig del av sluttvurderinga i Noreg, og at det har vore gode argument både for og mot å avlyse, noko som har vurderinga krevjande.
I si risikovurdering tilrår likevel Utdanningsdirektoratet å avlyse alle vårens eksamenar for elevar på grunnskulen og i vidaregåande opplæring.
Unntaket er for privatistar og kandidatar som må ta eksamen for å bestå faget.
- Les også meiningsinnlegget: «Avlys eksamen, no!»
Rettferdig sluttvurdering
Tilråding er gjort utfrå ei heilskapleg vurdering av tre sentrale omsyn: likebehandling og ei rettferdig sluttvurdering; motivasjonen, trivselen og læringa til elevane; og kor vidt det er praktisk mogeleg å gjennomføre.
Direktoratet peikar på at også i dette skuleåret har smittespreiinga og smitteverntiltaka vore betydelege, noko som særleg har råka elevar i område med høg smitte og strenge lokale tiltak.
Utdanningsdirektoratet tilrår:
- å avlyse skriftleg og munnleg, munnleg-praktisk og praktisk eksamen for alle elevar i grunnskulen og vidaregåande opplæring
- å gjennomføre eksamen for privatistar
- å gjennomføre eksamen for elevar som treng eksamen for å stå i faget
- at vitnemål vert gjeve ut frå standpunktkarakterane til elevane
- å vidaregøre regelverksendringane for standpunktvudering og eksamen som gjaldt våren 2021, også våren 2022
Elevorganisasjonen har bede om å få avlyst eksamen i år, og over 40.000 har skrive under på eit opprop der dei bed om det same.
Den endelege avgjerda er det Kunnskapsdepartementet som tek.
- Les også: Elevorganisasjonen: Eksamen bør avlysast