Freia lanserer melkerull med emballasje på samisk

No er Freia Melkerull å finne i butikkane med fire ulike uttrykk på nordsamisk.

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Freia lanserer produktet Melkerull med samiske uttrykk.

I tillegg til omsetjinga av «Melkerull», finst tre andre spesialpakkar med bodskapane «Glad i deg», «Lykke til» og «#kvardagshelt».

Samisk språkveke

Bakgrunnen for lanseringa er Giellavahkku-Giellavahkko-Gïelevåhkoe, altså samisk språk-veke. Sametinget har utfordra offentlege aktørar og bede dei synleggjere samiske språk.

Marknadsdirektør for sjokolade i Mondelez International, Sølvi Grana Slotte, seier at Freia vil bruke sjokoladen til å skape synlegheit og forståing for samiske språk.

Trua språk

Det er tre offisielle samiske språk i Noreg: Nordsamisk, lulesamisk og sørsamisk. Per i dag er det rundt 25.000 samisktalande.

Av desse er nordsamisk det største samiske språket. På Unescos liste over trua språk er nordsamisk klassifisert som «trua».

Lulesamisk og sørsamisk er klassifiserte som «alvorleg trua».

Foto: Sara Angelica Spilling