Kostymedebatten: – Vitnar om mangel på vilje til å lære barn om landet dei bur i

Ole-Henrik B. Lifjell
Publisert
Oppdatert 20.04.2023 10:04

Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar.

Teksten vart først publisert på Instagram og er attgjeve med velvilje.

Dei siste dagane har det vore heftig debattert om ein kan bruke samekofte utan å sjølv vere same. Eg har følgt med på mange innlegg, debattar og diskusjonar, men føler likevel for å dele nokre tankar rundt dette.

Eg meiner det først og fremst er problematisk at ein argumenterer for at barn skal kunne kle seg ut som samar, fordi dei har behov og ynskje om å leike og utforske (ved å kle seg ut).

Mangel på vilje

For det aller første: dét er ei ansvarsfråskriving og vitnar om mangel på vilje til å lære barn om landet dei bur i, og følgjene eit heilt folk, sjølv i dag, slit med som konsekvens av at Noreg er ei kolonimakt.

For det andre er det ei direkte umyndiggjering og undervurdering av barn si evne til å tileigna seg kunnskap, forståing og skape eigne empatiske kjensler om andre menneske rundt seg. Det er ein grunn for at vi ikkje let barn kle seg ut som NS-soldatar og/eller jødar. Og det handlar ikkje om at ein frårøver eller avgrensar barn sin rett til å leike eller utforske. Barn forstår mykje meir enn dei får kreditt for.

Kven eg er

Kofta mi fortel mykje. Den seier kven eg er, kor eg høyrer til, kva stadium i livet eg er i, og til og med kven eg er i slekt med. Kofta mi er skreddarsydd til meg, både gjennom kulturell praksis og tilhøyre, men også tilpassa min fysiske kropp. Det er difor også eit hån mot kultur- og tradisjonsberarar som syr desse, dersom ein skulle laga ein billig rip-off som ikkje lengre ber med seg nokre av desse markørane eller informasjonen.

Eit hån mot kultur – og tradisjonsbærarar.

Eit poeng som mange brukar er at dersom ein har gode intensjonar med å ikle seg kofta utan å sjølv vere samisk, så bør ein kunne gjere det med full aksept.

Eg vil då minne om at den type argumentasjon vart brukt i byrjinga av nasjonsbygginga av Noreg som sjølvstendig stat. Det vart sagt at samane hadde berre høve til å overleve som folk, dersom ein integrerte seg og vart «gode nordmenn». Dette var til samane sitt eige beste og dimed kan ein vel sei at intensjonen var «god».

Å predikere overfor ei minoritetsgruppe kva dei skal akseptere og ikkje, blir ei lei vidareføring av maktstrukturar og definisjonsmakt som ikkje historisk sett har gått i vår favør. Og det kjenner alle fall eg meg ferdig med.


Har du noko på hjartet? Send dine tankar/meiningsinnlegg til tips(a)framtida.no!