Nasjonalbiblioteket feirar retten til å elske kven ein vil

Bente Kjøllesdal
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

I år er det 50 år sidan straffelova § 213, som forbaud menn å ha sex med menn, blei oppheva. Det markerer Nasjonalbiblioteket med Stoltheit og fordom, den største utstillinga nokosinne om skeiv norsk kulturhistorie.

Eline Skaar Kleven er direktør for kulturformidling ved Nasjonalbiblioteket. Foto: UiO

– At vi i år kan feire jubileum for retten til å elske kven vi vil, og at vi kan leve ut vår eigen kjønnsidentitet, er resultat av kampar som er førte på ulike arenaer til ulike tider. 

Det seier direktør for kulturformidling og informasjon ved Nasjonalbiblioteket, Eline Skaar Kleven, i ei pressemelding og held fram:

– Desse forteljingane ønskjer vi å løfte fram, slik at nye generasjonar kan bli kjende med ulike og viktige sider av norsk skeiv historie.

Bibelsitat, rettsdokument og grisevitsar

Utstillinga Stoltheit og fordom. Skeive forteljingar frå samlinga gir innblikk i skeive frigjeringskampar og levde skeive liv i Noreg gjennom materiale frå Nasjonalbiblioteket og Arkivverket.

Utstillinga er den mest omfangsrike som har vore sett opp på Nasjonalbiblioteket, og rommar meir enn 400 bøker, avisklipp, brev, manuskript, dagbøker, skisser, bilete, filmar, melodiar og video-/lydopptak.

Ho inneheld alt frå bibelsitat og rettsdokument til grisevitsar og porno. 

Materialet gir ulike inngangar til å forstå korleis det norske samfunnet har forhalde seg til skeiv kjærleik, og korleis denne haldninga har endra og utvikla seg.

Forfattar og kurator Bjørn Hatterud har kuratert utstillinga, og fortel at arbeidet har vore spennande:

– Gjenstandane vi viser, har stort sett ikkje vore katalogiserte under skeive merkelappar før. Det har dukka opp overraskande materiale på dei mest uventa plassar i samlinga, seier han i pressemeldinga.

Bjørn Hatterud litt før han var tjue, innramma heime hos mor og far, og frå i dag. Foto: Privat/Samlaget

Skeivt kulturår

Den unike utstillinga er del av Nasjonalbiblioteket si omfattande markering av Skeivt kulturår 2022 og er stilt ut frå 3. februar til 23. april.

Gjennom utstillinga, arrangement, podkast, videoreportasjar og featureartiklar vil Nasjonalbiblioteket løfte fram alt frå kjende milepælar i den norske homokampen til personlege forteljingar funne i dagbøker og brev løftast fram.

Det tidlegaste materialet er henta frå Gulatingslova, mens det nyaste er frå vår eiga tid.


Les også: «Etter 60 år har Friele overrekt stafettpinnen. Det er på tide at vi overtek han»

Oslo 23.11.2021. Blomar og regnbogeflagg er lagt ned på Friele sin benk utanfor Nationaltheatret for å heidre avdaude Kim Friele. Foto: Fredrik Hagen / NTB