Australia: Ny lov vil tvinge Facebook til å slette skadeleg innlegg
Styresmaktene tek grep for å sjølv kunne gripe inn, der moderering i sosiale medium sviktar. Nye lover gjev e-tryggleiksombodet makt til å bøteleggje og fjerne digitale plattformer.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Nye lover tillèt e-tryggleiksombodet i Australia å krevje at plattformer som Twitter, Facebook og Instagram fjernar netthets innan 24 timar, dersom dei har fått ein klage på innhaldet.
Om plattformene ikkje gjer dette, risikerer dei store bøter.
Saka er omtalt av fleire internasjonale medium, mellom anna The Guardian.
Høge krav
For å kunne krevje at plattformene tek ned innhald, må det klaga syne at innhaldet er «truande, trakasserande eller støytande», i tillegg til å sannsynleg vere meint for å gjere «alvorleg skade mot ein vaksen, australsk person».
Så å vere såra eller misnøgd med innhald, held ikkje. Hatytringar åleine, som rettar seg mot minoritetsgrupper som går på etnisitet eller kjønn til dømes, vil ikkje falle inn under denne lova. Ikkje ærekrenkande innhald heller.
Kriteriet for å bestemme om innhald fell innunder lova, er sett høgt med vilje for å sikre at det ikkje kveler ytringsfridomen.
– Alvorleg skade kan inkludere innhald som kjem med realistiske trugslar, set folk i ekte fare, er ekstremt vondsinna eller utrøytteleg, seier e-tryggleiksombod Julie Inman Grant i ei pressemelding.
Ifølgje The Guardian kan døme på innhald som fell innunder lova vere: publisering av privat eller identifiserande innhald om nokon med vondsinna intensjonar, å oppmode til vald mot nokon basert på religionen deira, etnisiteten eller seksualiteten deira, og trugslar om vald.
- Les også: Aleksander (18) er krenka
Bot på 3,5 millionar
Om ei bedrift ikkje følgjer pålegget om å fjerna innhaldet, kan dei få bøter på 550.000 australske dollar, om lag 3,5 millionar kroner. Skjer det gjentatte gonger, kan det bli hardare konsekvensar:
– Med dei nye lovene, vil nettstadar og appar som systematisk ignorerer pålegg om å slette slik type innhald, kanskje få nettstadane sine fråkopla eller appane fjerna frå app-butikkar, sa kommunikasjonsminister i Australia, Paul Fletcher, i ei pressemelding i desember.
I tillegg til å kunne krevje sletting av innhald, vil den nye lova også gje e-tryggleiksombodet makt til å blokkere nettsider som direkte-strøymer «avskyeleg innhald», som til dømes terrorhandlingar.
– Dei sjokkerande hendingane i Christchurch i 2019, der ein terrorist hadde høve til å direkte-strøyme brotsverka sine gjennom sosiale medium var forferdeleg og heilt uakseptabelt, sa Fletcher i same pressemelding, og heldt fram:
– Sidan då har Australia leia verda i å krevje at digitale plattformer må bli betre på å spore terrorinnhald innanlands, og gjennom avtala med andre verdsleiarar på G20-toppmøtet.
Fryktar negative konsekvensar
Lova, Online Safety Bill, vart godkjend i senatet i juni i fjor, men tredde i kraft førre søndag.
Lova har fått mykje ros, men også ein del kritikk. Nokre meiner ho vil ha negative konsekvensar for pornoindustrien, for ytringsfridomen og at det kanskje vil føre til sensurering av innhald på nett.
Nokre er også uroa over om lovprosessen gjekk for fort.