Bente Kjøllesdal
Publisert
Oppdatert 30.05.2022 09:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Vi er her for å forklare kvifor vi er krenka. Kvifor vi opplever «små» ting som folk «berre seier» som noko veldig personleg og stort.

Aleksander Snarheim fortel engasjert om sitt nylanserte tidsskrift, Krenka. Der han sjølv både er ansvarleg redaktør, webutviklar, grafisk designar og skribent.

Målet er å skape ei digital plattform der unge kan ytre seg  utan at orda deira vert pynta på og meininga vatna ut. Der debatten ikkje krinsar kring kor vidt rasisme og diskriminering finst i Noreg, men korleis ein skal nedkjempe det.

– Vi vert fortalde «åh, de er berre krenka», «det er krenkehysteri» og «de er så woke». Men då kan vi ta eigarskap til ordet, seier Snarheim.

«Dette kan du ikkje seie»

Snarheim har vore på trykk i fleire store aviser, men fortel at han ofte opplever at media set føringar for korleis han skal ytre seg:

– Eg har aldri kjent at eg får skrive akkurat det eg vil, utan at nokon skal setje sperrer for korleis eg får lov til å ytre meg om korleis eg sjølv føler det, fortel han.

Han må vise forståing for motparten sitt synspunkt, ha ein mildare ordbruk og ikkje vere for streng i tilsvaret sitt. Særleg trur han unge meiningsberarar og ungdomspolitikarar møter slike justeringar:

– Det enklare for aviser å seie at «dette kan du ikkje seie» til dei enn til ein vaksen mann i 60-åra, fortel Snarheim, som sjølv er aktiv i Sosialistisk Ungdom.

Den nybakte redaktøren fortel at han kjem til å følgje Ver Varsam-plakaten, men at han ikkje kjem til å hente inn utanforståande stemmer som motsvar når nokon fortel kvifor det kjennest sårt å verte utsett for diskriminering. Foto: Bente Kjøllesdal

Offer for diskriminering, trakassering og rasisme må uttrykke seg med atterhald, medan dei som er skulda for å vere overgriparar eller rasistar kan ytre seg friare. Det er eit problem, meiner Snarheim.

Samstundes meiner 18-åringen at viktige debattar om likestilling og rasisme i Noreg vert ståande på staden kvil, fordi ein vert fanga i ein debatt om kven som har definisjonsmakta: «Eg kjenner meg krenka», «Nei, det kan du ikkje», «Jo, men eg er det».

Snarheim meiner ein aldri får spalteplass til å forklare bakgrunnen for kvifor nokre ord og uttrykk vert oppfatta nedlatande mot minoritetar, eller korleis det blir opplevd:

 Difor vil eg lage eit tidsskrift der ein kan få forklare kvifor ein sit med kjenslene ein sit med.

Fleire ser Facebook-postane

Snarheim skildrar Krenka som eit feministisk, antirasistisk og kapitalismekritisk tidsskrift. Dei tre merkjelappane er eit medvitent signal på kor tidsskriftet står.

Til første utgåva Tvang har Snarheim gjort alt på eiga hand. Han har brukt månadar på å google korleis ein lagar ei nettside, sjå YouTube-videoar og laga 40 ulike tidsskriftframsider i Adobe Spark Poster.

Tvang. Foto: Bente Kjøllesdal

– På kvelden då eg sleppte Krenka så fekk eg akkurat 100 lesarar før eg la meg, og det var eit stort mål – sjølv om det er færre folk enn dei som ser Facebook-postane mine, fortel han og ler.

18-åringen feirar dei små tinga i oppstarten, og i dei komande utgåvene vert det hovudsakeleg eksterne bidragsytarar som kjem til orde.

Rundt seg har han eit nettverk av engasjerte unge, frå ungdomspolitikken og organisasjonslivet, som deler sine historier på sine eigne premiss.

Han medgjev at nettverket hans er prega av at han sjølv er på venstresida i politikken, men fortel at han er open for at unge på høgresida og politisk nøytrale kan bidra.

– Dersom ein belyser noko på ein annan måte og ikkje berre nektar for det minoriteter føler på, så ser eg ikkje vekk for at det kjem på trykk, seier han.

Neste utgåve, Sårbar, kjem ut 24. januar, og då har mellom andre Anne Sofie Johnsrud (18) bidrege med ein tekst om feminisme.

Aleksander Snarheim brukar tida si på tidsskriftet, politikk og frivillig arbeid, samstundes som han leiter etter ein jobb – men tidsskriftet vil han ikkje tene pengar på.

– Synd om unge stemmer fell frå

Johnsrud medgjev at ho først trudde Snarheim spøkte, då han sa at han skulle etablere eit tidsskrift. Men då ho såg resultatet, vart ho imponert. 

– Eg synest det er viktig at ungdom får ei plattform kor ein kan skrive litt ufiltrert, og kor ein kan ta opp ting ein kanskje ikkje får på trykk i andre aviser, fortel 18-åringen, som òg er engasjert i Sosialistisk Ungdom.

– Du kan bry deg sjølv om du er ung. Du treng ikkje ti års arbeidserfaring for å skrive om arbeidsplassar i det grøne skiftet, seier Anne Sofie Johnsrud. Foto: Jan T. Espedal

Ho trur Krenka kan vere ei lettare tilgjengeleg plattform for unge å dele meiningane sine: 

– Eg kjenner mange som synest det er skummelt å skrive til lokalaviser, fordi dei er redde for tilbakemeldingane. Eg synest det er synd at det har vorte vanskeleg for unge å ta opp ting det kanskje ikkje har vore så mykje openheit kring før. 

Johnsrud trur hennar generasjon vågar prate meir opent om å bry seg om klimakrisa og å vere anti-rasistar, noko som òg medfører at ein del møter mykje negativitet i kommentarfelt.

– Det er synd, for det får mange til å halde igjen. Men ein har lov til å verte litt krenka, og det er viktig at ein tek ting opp.

Sjølv har ho møtt kommentarar om å vere for ung til å kunne uttale seg i saker, etter å ha stilt opp i intervju i Aftenposten eller i lokalavisa.

Ho rår andre unge som har noko på hjartet, men er usikre på om dei vågar ytre seg til å ta sjansen og å vere gode støttespelarar for kvarandre.

– Det er synd om dei unge stemmene fell frå, for debatten vert ikkje den same utan. 

Får ikkje pengar på konto

Sjølv om Aleksander Snarheim har lagt inn tallaust med timar på Krenka, så er tidsskriftet ikkje noko han kjem til å ha som primærjobb eller noko han vil tene pengar på.

– Det er veldig kult å løfte stemmer og verte ein plattform for stemmer som kanskje ikkje får til å fortelje sine historier på den måten dei ynskjer andre stadar. Eg får lov til å bidra med noko eg føler er viktig i samfunnsdebatten, utan at eg må få noko materialistisk tilbake. 

18-åringen fortel at han håpar Krenka kan føre til litt større forståing for korleis det kjennest for enkeltmenneske å oppleve diskriminering, og å oppleve urettferd berre på grunn av kven du er:

– Det er ikkje noko du har gjort, sagt eller vore med på. Dei berre assosierer deg med noko og ytrar hat mot deg av den grunn.

Det håpar han bidreg til at majoritetsbefolkninga i større grad ser opplevingane til ekte menneske i møte med eit større system.

– Eg vil hjelpe personar å skrive det som er viktig for dei, og for folk å høyre. Det finst alltid nokon der ute som vil dele si historie.


– Eg håpar å sjå at ordskiftet vert meir tolerant og inkluderande. Det er utruleg viktig, slik at me ikkje støter frå oss unge, seier Oda Sofie Pettersen. Foto: Jonas Stefan