Stortingspolitikarar og profilar saman mot netthets: – Den største trugselen mot ytringfridom i Noreg

Bente Kjøllesdal
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Politikarar, meiningsberarar, påverkarar og kjendisar har no gått saman om eit felles mål: Å stoppe netthetsen.

– Den netthetsen eg får er som oftast rasistisk. Det er veldig få gongar han ikkje er det. Eg vil seie at 95 prosent er rasistisk.

Det fortel Varin Hiwa, leiar i Oslo AUF, til Amnesty. Ho tek del i deira nye kampanje Stopp netthets.

Hiwa fortel at ho har motteke meldingar som «Sånne som deg må bli sendt hjem», «Du er ikke norsk» og trugslar.

Hiwa er ikkje åleine om å oppleve netthets.

Bodskapen frå Amnesty og profilane som no deltek i kampanjen er klår: Ingen skal bli utsett for netthets, uansett kven du er eller kva du meiner

Trugsel mot demokratiet

Amnesty har undersøkt kor mykje netthets dei ti øvste listekandidatane for kvart parti i kvart fylke i forkant av det komande stortingsvalet mottek.

Undersøkinga syner at 4 av 10 politikarar har vorte utsette for netthets.

Nesten 8 av 10 meiner politikarar med minoritetsbakgrunn er meir utsette for netthets enn andre.

9 av 10 politikarar opplever at debattklimaet har vorte hardare.

Frp er partiet som mottek mest netthets, og Miljøpartiet Dei Grøne nest mest.

– Netthets er den største trugselen mot ytringsfridom i Noreg, seier John Peder Egenæs, generalsekretær i Amnesty International i ei pressemelding.

Denne veka har mange stortingspolitikarar delt si støtte til Amnesty-kampanjen på Instagram.  

– Vi kan ikkje la nokon kneble oss

Amnesty sin nye kampanje femnar òg om meiningsberarar og profilar som ikkje er politikarar på fulltid.

Ifølgje Ipsos oppgjev nesten halvparten av unge mellom 18 og 29 år at dei er bekymra for å verte utsette for netthets. Blant dei som er 60 år og eldre, er det berre 19 prosent som svarar tilsvarande.

Komikar og forfattar Sofie Frøysaa skriv på Instagram at ho tok kontakt med organisasjonen om ein netthets-kampanje i mai, og er stolt over dugnaden mot netthets som no er i ferd med å spreie seg.

– Dette er ei av mine hjartesakar. Netthets er ein stor trugsel mot ytringsfridomen og demokratiet i Noreg, og vi kan ikkje la nokon kneble oss eller truge oss til stille – for mi og di stemme er viktige! skriv ho.

 

View this post on Instagram

 

A post shared by Sofie Frøysaa (@sofsen)

Tallause profilar har ytra støtte til kampanjen på sosiale medium, og delt sine eigne erfaringar med netthets.

Marianne Knudsen, leiar i Norges Handikapforbund Ungdom, skriv at ho har opplevd å verte fortalt at ho er ei byrde for samfunnet som ikkje fortener å leve eit fritt liv.

– Vi vert utsette for hat på grunn av korleis vi ser ut, for kva promomen vi brukar, kva hudfarge vi har, for kven vi elskar eller for korleis kroppane våre fungerer, skriv ho på Instagram, og slår fast at netthets fører til at vi mister stemmer samfunnet treng.

Press: –  Unge tør ikkje delta i debatten

Det er ikkje berre Amnesty som tek til orde for sterkare innsats mot netthets. Ein ny rapport frå Press – Redd Barna Ungdom syner at hets, trakassering og mobbing på nett er eit stort og aukande problem.

– Unge tør ikkje delta i debatten, fordi dei er redde for å verte mobba. Det har vaksne eit ansvar for å gjere noko med, særleg fordi det ofte er vaksne hetsen kjem frå, seier Press-leiar Lea Mariero i ei pressemelding.

Christian Pedersen (TietoEVRY), Lea Mariero (Press) og stortingspresident Tone Wilhelmsen Trøen ved overrekkinga av rapporten «Å vokse opp på nett». Pressefoto

Rapporten Å vokse opp på nett er basert på innsamla erfaringar frå unge over heile landet, og syner at hetsen ofte går ut over allereie utsette grupper, som etniske og seksuelle minoritetar og personar med funksjonsnedsetjing.

Organisasjonen tilrår åtte tiltak for å nedkjempe netthets, frå auka kompetanse og forsking på feltet til at plattformene tek meir ansvar og at politiet prioriterer hatkriminalitet på nett.

Press-leiaren peikar på at haldningskampanjar mot mobbing ikkje er nok:

– Politikarar og nettsamfunn må byrje å ta netthetsen på alvor.


21 år gamle Oda Sofie Pettersen er førstekandidat i MDG Agder, som stiller felles liste til stortingsvalet. Foto: Jonas Stefan