Covidpositiv i Lisboa og melding frå Helseboka: – Det begynner å koke inne i meg


Publisert
Oppdatert 20.04.2023 10:04

Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar.

Eg står i ei dysfunksjonell covidtest-kø.

Ein av mine nærkontaktar her i Lisboa testa nettopp positivt på ein hurtigtest han tok heime.

Så no står vi begge to i ei av dei mange testkøane ein kan finne i Lisboa sentrum for tida. Køen har fleire utstikkarar, og vi står tett. Her held ikkje folk to meters avstand.

Ein kan finne fleire testkonteinarar rundt om kring i sentrum av Lisboa. Midt på dagen er køane lange.
Foto: Emilie Hansen

Lange køar og dyre testar

Vi står lenge i kø, opp mot to timar før kompisen min får testa seg.

Eg fekk beskjed om at eg skulle vente med å teste meg. For her kostar det 25 euro (kring 250 kroner) for ein antigen-test og 80 euro (nesten 800 kroner) for ein PCR. Men dei som tok testane lovde at eg skulle få gratis test om kompisen min testa positivt.

Medan eg står der og er litt usikker på kva som skjer, og kva eg skal gjere, så får eg melding frå Helseboka: Eg kan no få dose 3 heime i Noreg.

Kva faen? Skal mi aldersgruppe få dose 3? Allereie? Eg kjenner det begynner å koke inne i meg, men legg vekk mobilen. Orkar ikkje å ta dette inn over meg her og no. Eg og kompisen min set oss i sola medan vi ventar på testresultatet hans.

Etter å ha venta i over ein time får vi vite resultatet. Nærkontakten mi er positiv.

Faen. Ok. Kva no? Den portugisiske kompisen min seier vi må ringe koronatelefonen, og forklare situasjonen, så dei kan sette opp ein gratis PCR-test til meg.

Heismusikk frå helvete

Vi ringer, og ringer, men det er ingen som tek telefonen. Det er stor pågang seier ei stemme på portugisisk, før vi blir sett tilbake til heismusikk frå helvete.

Etter å ha venta i snart to timar gir vi oss på det. Han seier at han skal prøve å ringe dei om morgonen dagen etter, at han kanskje fekk vite noko då.

Det tek fire dagar før eg får vite at eg kan gå på eit apotek og ta ein hurtigtest der. Eg har sjølvsagt vore på rommet i karantene sidan dag éin – ikkje fordi nokon sa eg skulle det, men fordi eg veit sjølv at det er det riktige.

Frå rommet mitt kan eg sjå ned på apoteket der eg fekk testa meg, og folk som står i “kø” utanfor.
Foto: Emilie Hansen

På bakrommet på apoteket

Eg blir ført med vidare til eit bakrom på apoteket etter å ha fylt ut eit par skjema. Der spør ein lege om eg har nokon symptom. Ja, eg har feber, hoste, og skal til å fortsette, men han avbryt meg og seier det er nok symptom.

Positiv sjølvtest. Kva no? Foto: Emilie Hansen

Legen dreg ned maska slik den berre dekker munnen min, medan han stikk ein lang q-tips opp i nasen min. Det går fort for seg, og eg får beskjed om å vente utanfor apoteket.

Etter fem minutt kjem han ut med eit brev til meg som bekreftar at eg har covid. Legen seier eg berre skal gå heim og kvile meg, og ønskjer meg god betring.

Men vent litt? Skal du ikkje spørje meg om eg bur aleine? Kven nærkontaktane mine er? Eller fortelje meg kor lenge eg skal isolere meg?

Neida, legen fortalte meg ikkje noko. Einaste han sa var at eg ikkje trong ein PCR test, at dette var bevis nok på at eg har covid.

Eg googler meg fram til at eg skal vere i isolasjon i 7-10 dagar, og går heim og søv.

Saknar effektiviteten i Noreg

Eg kjenner eg saknar Noreg. Veldig. Effektiviteten. Systemet. Kor tydeleg alt er.

Sist eg var nærkontakt til nokon som fekk covid vart eg ringtopp, og fortalt kva eg måtte gjere. Alt var veldig enkelt, og eg måtte aldri vente i telefonkø. I teststasjonskøane heldt alle to meter. Alt gjekk veldig bra. Og eg trong ikkje å betale noko som helst for å teste meg.

Og no skal vi dele ut dose 3 til friske 22-åringar. Herregud, kor provoserande!

Kvifor er det provoserande at eg er så heldig at eg har tilbod om dose nummer 3? Jo, no skal du høyre!

Skeivfordeling av vaksiner

Vi er 7,9 milliardar menneske i verda. Av desse er omlag 4 milliardar vaksinerte med to doser. Det vil seie at kring halvparten av verdas befolkning er ferdigvaksinerte i ein pandemi som har tatt livet av meir enn 5,5 millionar menneske.

5,5 millionar menneske er så og seie heile Noregs befolkning.

Som sikkert mange har fått med seg no er vaksinane veldig urettferdig fordelt, der nokon land er så og seie ferdigvaksinerte (med unntak av dei som vel sjølv å ikkje vaksinere seg), medan andre så vidt har kome i gong med vaksineringa.

I Noreg er 73,5 prosent ferdigvaksinert, medan i Den demokratiske republikken Kongo er berre 0,18 prosent av befolkninga ferdigvaksinert.

Skadar oss sjølv og andre

Ikkje berre viser desse tala til ei heilt sjuk skeivfordeling av vaksiner, men det viser også til ein egoisme og sjølvbergingsstrategi som skadar både oss sjølv og andre.

Det skadar faktisk heile verda.

Der viruset får fortsette å herje fritt oppstår det nye mutasjonar, og deretter variantar, som vil spreie seg vidare til andre delar av verda. Dette har skjedd fleire gongar allereie, både med delta-varianten, og no med omikron. Vil vi verkeleg ha fleire rundar med koronavariantar? Det vil i alle fall ikkje eg!

Emilie Hansen ventar på å bli testa på apoteket. Det var denne type maske ho måtte bruke inne i leiligheita. Foto: Privat

Så ver så snill, bruk heller dei ekstra ressursane på å dele ut vaksinar til dei som ikkje har fått vaksinert befolkninga si, enn å gi unge friske menneske dose 3 i rike, vel fungerande Noreg.

Ikkje planar om å ta dose 3

Har pandemien også vore, og framleis er, utfordrande i Noreg? Ja, sjølvsagt. Men vi har ordningar som fungerer raskt og effektivt, og dei fleste har moglegheit til å halde avstand til andre, noko ein ikkje har overalt i verda, eller i Europa for den del.

Emilie Hansen fekk levert maske på døra av ein romkamerat, sidan hennar tynnare masker ikkje var bra nok.
Foto: Emilie Hansen

Her i Lisboa måtte eg ikkje flytte for å gå i isolasjon, så kvar gong eg forlèt rommet mitt har eg brukt femlags maske. Utanom forvirring rundt reglar, og frustrasjon over at systemet ikkje var like kjapt eller billig som heime i Noreg, så har dette gått heilt fint. Eg har berre hatt ei litt sterk forkjøling, og no er snart isolasjonsperioden min over.

Enn så lenge har eg ikkje planar om å ta dose 3, på grunn av den ekstreme skeivfordelinga av vaksiner. Om det kjem fram at eg er ei fare for meg sjølv og andre om eg ikkje tek den, skal eg sjølvsagt ta vaksinen.

Men før den tid så håpar eg Noreg og andre land som er så og seie ferdigvaksinerte, brukar sine ressursar på å få vaksiner til dei landa som ikkje har kome seg så langt i vaksineringa.

Eg håpar fleire tek innover seg at ingen kjem ut av pandemien, før vi kjem ut av pandemien saman.


Alle illustrasjonar: Linn Isabel Eielsen. Kollasj: Framtida.no