«Kvifor skal du betale for Arbeidarpartiet sin valkamp, når du stemmer noko heilt anna?»
Ei fagforeining skal representere alle medlemmane sine – ikkje drive kampanje for éi bestemt politisk fløy, skriv Freddy Af Geijerstam og Asle Eric Stromberg i Vestland Unge Høgre.
Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar. Innlegget var først publisert i Sogn Avis og er republisert med løyve.
«La oss gruse høgresida», sa den nyvalde LO-leiaren Kine Visnes nyleg.
No foreslår LO-leiinga å bruke 29 millionar kroner av medlemspengane på å støtte dei raudgrøne partia i valkampen, i tillegg til å drive politisk valkamp for Arbeidarpartiet. Det skjer sjølv om over halvparten av LO-medlemmane ikkje stemmer Arbeidarpartiet.
Å vere fagorganisert er ein grunnstein i det norske arbeidslivet. Det gir tryggleik, vern og styrke i lønsforhandlingar.
Men når medlemskap blir det same som å støtte ein partipolitisk kampanje for Arbeidarpartiet, har LO svikta sitt oppdrag. Då er dei ikkje lenger ei fagforeining for alle arbeidstakarar, men ein politisk aktør med éin fot i regjeringskontora og éin i partikontora på Youngstorget.
Og kva får LO att for investeringa? Vekevise, lukka møte med statsminister Jonas Gahr Støre. Plassar i Arbeidarpartiets sentralstyre. Rett til å påverke kven som skal bli ny partileiar og statsministerkandidat. Når LO-leiaren også leier Arbeidarpartiets valkomité, har vi i realiteten fått ein fagorganisasjon som bestemmer kven som kan få Noregs mektigaste politiske verv. Dette er ikkje demokrati – dette er kjøp og sal av politisk innverknad.
Samtidig ropar venstresida høgt om pengegåver til Høgre og Frp. Men det er forskjell på pengegåver frå enkeltpersonar som støttar ein idé og det å bli tvinga til å støtte eit parti gjennom ei fagforeining du trur er politisk nøytral. Mange LO-medlemmar – unge som gamle – anar ikkje at kontingenten deira finansierer Arbeidarpartiet og Raudt.
Dette samrøret er det nærmaste vi kjem organisert korrupsjon i norsk politikk:
- LO tek inn millionar i medlemskontingentar som går til Arbeidarpartiets valkamp
- Arbeidarpartiet gir skattekutt tilbake til LO-medlemmane
- Og vanlege folk betaler prisen
Mens NHO for mange år sidan slutta å gje pengar til politiske parti, fortset LO som før, men med større summar og sterkare bindingar enn nokon gong.
Likevel foreslår regjeringa no å forby støtte frå borgarlege aksjonar der gjevarane ikkje er offentlege, men gir unntak for LO. Kva slags rettferd er det?
Vi seier ikkje at fagorganisering er feil. Tvert imot. Men ei fagforeining skal representere alle medlemmane sine – ikkje drive kampanje for éi bestemt politisk fløy.
Demokratiet vårt skal ikkje vere til sals. Det skal ikkje vere slik at stemmer tel, men pengar avgjer.
Vi oppmodar unge i arbeidslivet – og alle som vil ha reelt demokrati – til å stille seg sjølv eit enkelt spørsmål: Kvifor skal du betale for Arbeidarpartiet sin valkamp, når du stemmer noko heilt anna?