Seks typar vaksinemotstandarar


Publisert
Oppdatert 20.04.2023 10:04

Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar.

Ordet «vaksinemotstandar» pleidde å gje meg tydelege assosiasjonar. No under pandemien, innser eg at det ikkje berre finst éin type av dei. Dei er mange.

Eg har gjort uoffisiell research, og no skal eg prøve å dele dei inn for deg, slik at du slepper å gjere det sjølv.

Odd (54) Konspireringsteorist

Odd er 54 år. Han les nyheitene sine utelukkande på Facebook og har aldri fullført vidaregåande. Han trur ikkje på at pandemien eksisterer, og meiner at folk berre blir bedne om å halde seg innandørs slik at myndigheitene kan skifte batteri i duene. Duer er nemleg dronar som overvaker oss.

Andrea (35) Tobarnsmor

Andrea har tre ulike typar quinoa i skapet, og et berre økologisk mat. Ungane hennar har aldri smakt sukker, og ho vil ikkje vaksinere dei, fordi ho har lese at barn kan få autisme av vaksinar. Andrea vil heller risikere at barna hennar døyr, enn at dei får autisme.

Sjølv vil ho ikkje ta vaksinen, fordi ho meiner at folk må få bestemme over eigen kropp. Ho er også kraftig i mot kvinner si rett til sjølvbestemt abort.

Linda (29) Livscoach

Linda har tatt kurs og jobbar som livscoach. Ho eig hundre essential oils, trur på stjerneteikn, og postar mindfullness-videoar på TikTok. På skulen fekk ho karakter 2 i naturfag, men ho vil ikkje ta vaksinen fordi ho har gjort si eiga research.

Kristin (16)

Kristin er 16 år. Ho prøver å frelse homofile i friminutt, meiner abort er ei synd, og seier stolt at om ein døyr så er det Guds vilje. Ho har ingen kritisk sans til kva foreldra forkynner rundt middagsbordet, og kjem til å bli innmeld i ei sekt før fylte 23. Vaksinen er djevelens urin.

Leander (20)

Leander meiner kroppen hans er sterk nok til å overleve viruset. Leander er einebarn. Leander har aldri tenkt på nokon andre enn seg sjølv, noko sinne.

Simen (34)

Simen synest Trump har ein del gode poeng, og vil ikkje ta vaksinen fordi han synest det er skummelt å få noko inni seg som han ikkje veit kva er. Simen går på steroidar og et regelmessig på McDonalds.

Eg må ærleg seie at eg synest det er vanskeleg å forhalde meg til vaksinemotstandarar. Ein skal liksom ikkje skape meir splitting i folket enn det allereie er, men nivået på kjeldekritikk er trist og skummelt. Eg har prøvd fleire gonger å prate med vaksinemotstandarar i krinsen min, men eg kjem ingen veg. Nokre av dei er fanatikarar, og nokre er heilt vanlege folk som har lese for mykje på feil stad.

Det er ikkje media som prøver å lure oss. Det er ikkje politikarar som vil kontrollere oss. Det er eit virus.

Viruset er kanskje ikkje er farleg for deg, men det er farleg for andre. Det er farleg for folk med underliggande sjukdommar, og det er farleg for folk i utviklingsland kor det ikkje er top-notch hygiene og sjukehustilbod – og det einaste konkrete vi kan gjere for å stoppe det her er å høyre på dei som kan det.

Eg er ikkje pilot, så eg lar pilotane fly. Eg er ikkje kirurg, så eg lar kirurgane operere. Eg er ikkje forskar, så eg høyrer på dei som har via livet sitt til å forske.

Kan vi ikkje alle gjere det? Vær så snill. 


Illustrasjon: Linn Isabel Eielsen