– Har du eit Britney-moment? spurde folk då Emilie Hansen barberte av seg håret.

– Ja, kva seier du? Skal vi gjere det?

– Ja, vi gjer det!

Eg stikk hovudet under vasken for å bløyte håret, og skundar meg ut i bakgarden. Kjærasten til ein god ven av meg har sagt ho kan barbere meg, ho skal uansett barbere hovudet til kompisen min, så kvifor ikkje berre ta mitt hår i same slengen?

Jenter med kort hår er dritkule, eller?

Eg har lenge hatt lyst til å klippe av meg håret. Jenter med kort hår er jo dritkule! Eigentleg trur eg dette er noko mange har lyst til, utan at dei tør. I alle fall var det mitt tilfelle, eg torde ikkje å klippe meg kort før eg var langt borte frå alt og alle. Kva så om eg ikkje ser ut? Eg skulle jo ikkje noko viktig uansett!

Likevel var eg veldig usikker, så eg rådførte meg med fleire venar, eller berre starta å nemne at eg kanskje kom til å klippe meg, for å sjå korleis dei reagerte. Majoriteten støtta meg fullt ut! Dei sa det kom til å bli tøft, og at eg var modig om eg gjorde det.

Her forsvinn det lange håret. Foto: Privat

Dei som var imot, var meir tydelege på at dei verkeleg var imot.

«Er du sikker på at du skal gjere dette? Du kjem til å angre. Ikkje klipp av deg håret ditt, det er så vakkert. Har du eit Britney-moment? Går det bra med deg? Du er finare med langt hår. Folk kjem til å tru at du er lesbisk.»

Ekkelt at min utsjånad er viktig for andre

F@en kor provoserande! Kvifor er det så viktig for folk at eg skal vere vakker? Kven er det som har bestemt at det er finare med langt hår enn kort hår på jenter? Kvifor får folk ei anna oppfatning av seksualiteten min på grunn av lengda på håret mitt? Om eg ikkje hadde lyst til å klippe av meg håret før, så hadde eg det i alle fall no!

Det at det vart lagt så stor vekt på kor vakker eg var med langt hår eller kort hår, følest veldig ekkelt. Er verkeleg utsjånaden min så viktig? For andre? For meg? Vil eg at det skal vere viktig for meg? NEI! 

Det å klippe av seg håret vart på mange måtar ein protest mot det kvinnelege skjønnheitsidealet. Det kan sjå ut som at det er nokon ein stad i systemet som har bestemt at det vakre og feminine er å ha langt hår. Og at det å vere vakker som kvinne er noko ein bør streve etter. Dersom du gløymer at dette er noko av det viktigaste med din eksistens som kvinne, er samfunnet på plass for å minne deg på det.

Er verkeleg utsjånaden min så viktig?

Eg er sint for at eg er redd for å bli stygg

Det er mørkt i bakgarden i Milano, så kompisen min brukar mobilen sin som lommelykt så kjærasten hans kan sjå kvar ho klipper. Vi har eigentleg ikkje tid til dette her, for vi skulle ha vore på ein fest ein annan stad i byen. Heldigvis er vi i Italia, der det er heilt innafor (om ikkje forventa) å kome for seint.

Undervegs i prosessen. Foto: Privat

Eg høyrer lyden av saksa som klipper bort store delar av håret mitt, før barbermaskina blir leita fram.

 Eg tek det gradvis, så du kan seie stopp før det blir for kort, okay?

– Det går fint, eg vil ha det kort, seier eg medan eg har gåsehud og er så nervøs at eg held på å tisse på meg.

Eg vil jo dette her, men det tek lang tid for håret å vekse ut att, og eg er redd for å bli stygg, og eg sint for at eg er redd for å bli stygg. 

Etter nokre minutt er mesteparten av håret borte, berre ein centimeter er igjen, og eg diggar det! Mesteparten av tida i alle fall. 

Mykje tid framfor spegelen

Dei neste dagane brukar eg mykje tid på å studere meg sjølv i spegelen. Det å klippe håret skulle jo bli ein protest mot skjønnheitsideala og det store fokuset på det ytre. Sjølv om det framleis var ein protest, vart eg ganske så opptatt av korleis eg såg ut etter håret for.

Nokre dagar følte eg meg som ei rockestjerne, medan andre dagar følte eg meg som ein 7-år gammal gut. Plutseleg fekk eg eit stort behov for å bruke neglelakk, leppestift og eyeliner, for å føle meg vakker.

Emilie Hansen barberte av seg håret. Her har ho blitt vand med den nye sveisen. Foto: privat

Det er mykje eg synest er viktigare enn det å vere vakker, men likevel blir det å vere vakker i samfunnet vårt knytt til så mykje anna positivt, at det er vanskeleg å ikkje ha fokus på utsjånaden sin i det heile. 

Ei anna side av samfunnet

Takk til kjærasten til kompisen min, som tok seg tida til å klippe av meg håret mitt! Eg har no fått sett samfunnet frå ei litt anna side, og utfordra meg sjølv på ein del ting.

Sidan eg klipte håret har eg blitt mindre cat-calla, fått meir merksemd frå jenter når eg er ute på byen, fått kommentarar frå menn om at eg hadde vore finare om eg hadde langt hår, og blitt mistolka som gut fleire gongar.

Men eg har også fått testa ut 3-i-1 sjampoar, brukt null tid for å fikse håret, og fått høyre av besteforeldra mine at eg kledde godt å ha kort hår (sjølv om dei i utgangspunktet var ganske skeptiske til at eg og morfar skulle ha same sveisen).


Foto av Dainis Graveris/ Unsplash.
Oppdatert: tysdag 28. desember 2021 12.11
ANNONSE