Vaksinekompromiss: – Milevis unna det verda treng

Birgitte Vågnes Bakken
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Det er jo sjølvsagt betre enn ingenting, men det er ikkje godt nok og det vil kunne gå ganske sakte.

Det seier Spire-leiar Julie Rødje om kompromisset Noreg er villig til å inngå i vaksinepantentsaka.

Blokkert forslag

For over eit år sidan, i oktober 2020, føreslo Sør-Afrika og India eit patentunntak i Verdas handelsorganisasjon (WTO), slik at legemiddelselskapa må dele vaksineoppskriftene sine. Det vil kunne føre til at fleire land kan produsere koronavaksinen sjølv. Det dei føreslo var eit mellombels patentunntak for koronavaksinar, medisinsk utstyr og immaterielle rettar.

Forslaget har støtte av over 100 land, men Noreg er eit av landa som har vore imot det.

Julie Rødje, leiar i Spire. Fleire organisasjonar demonstrer i dag framføre Stortinget for ei rettferdig vaksinefordeling. Foto: Spire

– Både førre regjering, som har blokkert forslaget, og noverande regjering, har jo hatt global helse som ei av sine viktigaste kampsaker i både bistandspolitikk og i FNs sikkerheitsråd. At ein likevel bremsar kanskje det viktigaste spørsmålet som handlar om helse i verda, er dobbeltmoralsk og litt ironisk, meiner Rødje.

– Det stiller spørsmålsteikn ved Noregs legitimitet internasjonalt, held ho fram.

Kompromiss

Men no snur utanriksminister Anniken Huitfeldt (Ap), og fortel at Noreg vil støtte eit unntak frå den såkalla TRIPS-avtalen for patent på koronavaksinar, viss det er ein del av eit kompromiss.

USA har tidlegare føreslått å opne for patentunntak på vaksinar, men ikkje alle andre helseprodukt.

Utanriksminister Anniken Huitfeldt (Ap) seier Noreg snur og vil vere med på eit kompromiss i patentsaka. Foto: Stortinget

– Sør-Afrika sitt forslag er så vidtgåande, så kompromisset må ligge ein stad i midten. Det vi seier no er at Noreg ønsker å bidra til å finne det, seier Huitfeldt ifølgje VG.

Rødje i Spire meiner kompromisset er eit første steg.

– Men samtidig er det milevis unna det verda verkeleg treng no, understrekar ho.

Spire-leiaren peikar på at berre 1 av 10 i Afrika har fått første dose med koronavaksine, og i dei fattigaste landa har berre 3 prosent blitt vaksinerte. Rødje trekker fram at forslaget til India og Sør-Arika inneheld meir enn patentunntak på vaksinar.

– Det inneheld alle immaterielle rettar, medisinsk utstyr, kunnskap, testar – dette er også noko som verkeleg er nødvendig for å både sikre faktiske vaksinar, men også å hjelpe sjuke og gjere noko med dei store konsekvensane som koronapandemien har fått globalt.

Klaga til FN

Sjukepleiarar frå 28 land klagar no Noreg, EU, Storbritannia og Sveits til FN for å blokkere forlaget om eit mellombels patentunntak.

Sjukepleiarforeiningane gir landa ansvar for unødvendige dødsfall, brot på menneskerettane og «vaksineapartheid».

Til Klassekampen understrekar utanriksminister Huitfeldt at ho deler sjukepleiarane si bekymring for situasjonen, og at å nedkjempe pandemien i andre land også er i Noregs interesse og nødvendig.

87,8 prosent over 18 år i Noreg har fått to dosar med koronavaksine. Noreg har starta å vaksinere med ein tredje dose, og statsminister Jonas Gahr Støre opplyste tysdag at alle over 18 år skal få tilbod om oppfriskingsdosen innan påske. Til forskjell har berre 5,9 prosent av befolkninga i låginntektsland fått første dose.

– Bør ein heller prioritere vaksinar til til dømes Afrika over 3. dose til nordmenn?

– No har ein eigentleg moglegheita til å kunne sikre begge delar ved å innføre eit reelt patentunntak. Det vil vere viktig for den globale rettferda, men vi ser også at det er dårleg vaksinepolitikk, også for nordmenn, at vi ikkje gir nok vaksinar til til dømes land i Afrika, for det er der mutasjonar skjer som gjer at vi vil vere avhengige av ein tredje og fjerde dose. Så ei fordeling må kome i første rekke, seier Julie Rødje.

Ho hadde ikkje nølt med å gi bort sin tredje dose viss det betydde at nokon som ikkje hadde fått koronavaksine ein annan stad ville få han.

– Men viss det er snakk om at eg skal ta han eller han blir kasta, som kanskje hadde vore effekten, så er det jo betre at eg tar ein tredje dose. Men hadde eg hatt moglegheit til å «direktesende» vaksinen, så hadde eg gjort det, hundre prosent.

Drar ut

Eigentleg skulle WTO møttest tysdag, men møtet er blitt utsett på grunn av omikron-varianten av koronaviruset, som mellom anna har ført til reiserestriksjonar.

Men prosessen med å løyse floken med vaksinefordeling har vart lenge. Rødje synest det er urettferdig og usolidarisk at det har dratt slik ut. Ho trur at dei nye mutasjonane som dukkar opp kanskje fører til at ein ser at ein ikkje blir ferdig med pandemien før det er fordeling av vaksinane.

– At vi ikkje blir kvitt pandemien om det ikkje blir gjort noko internasjonalt. Så konsekvensane for varigheita på pandemien trur eg kan ha spelt inn til at ein er meir på gli no.

Spire meiner Noreg bør støtte forslaget som er fremja av India og Sør-Afrika.

– Eg meiner at det er det første og viktigaste steget. I tillegg må ein sjølvsagt bidra økonomisk og støtte internasjonal rettferdig fordeling og ikkje hamstre inn berre til seg sjølv, men også bidra til at andre land får vaksinar og det nødvendige utstyret som er tilgjengeleg.


Illustrasjonsfoto: Ben Wicks / Unsplash.com

Fakta

TRIPS-avtalen:

  • Sidan mars 2021 har Noreg vore leiar av TRIPS-rådet i Verdas handelsorganisasjon.
  • TRIPS-avtalen er ein internasjonal avtale som vernar om immaterielle rettar, og omfattar mellom anna vern av opphavsrett og patentar.