Koronatiltaka for deg som er ung

Ingvild Eide Leirfall
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Tiltaka gjeld inntil vidare, og regjeringa vil gjere ei ny heilskapleg vurdering i starten av februar.

Nærkontakt og karantene

Karantenereglane blir gjorde om slik at testing kan erstatte karantene i større grad.

Kjærast eller nokon i same hus er smitta: Er du nærkontakt til nokon du er mykje tett saman med, skal du i karantene i 10 døgn etter siste nærkontakt med den smitta. Ved negativt resultat tatt tidlegast sju døgn etter nærkontakten, kan ein avslutte karantenen.

Øvrige nærkontaktar har ikkje lenger karanteneplikt, men vert tilrådd å teste seg tre dagar etter nærkontakt, og ny test to dagar seinare. Ver ekstra merksam på symptom i 10 dagar.  

Dersom du har hatt korona dei siste tre månadane, treng du ikkje gå i karantene. Les meir her.

Studentar: Meir fysisk undervisning

Regjeringa opphevar kravet om digital undervisning og eksamen på høgskular, universitet og fagskular.

Hovudregelen framover er at alle studentar skal ha delar av undervisninga si på campus, og for å kunne ha meir fysisk oppmøte tilrår regjeringa jamleg testing.

For klasseromsundervising med mindre grupper, bør det vere maks 30 personar med ein meters avstand. Det er mogleg å sjå bort frå avstandstilrådinga, dersom det er nødvendig for å gjennomføre undervisinga. I auditorium kan det vere inntil 200 personar med faste tilviste plassar, slik som på offentlege arrangement.

Studiestadene må følgje dei generelle smittevernråda: Å halde meteren og lufte, og tilsette og studentar med symptom må halde seg heime.

Grønt nivå på vidaregåande skular

Det blir slutt på undervisning på raudt nivå på vidaregåande skular og i vaksenopplæringa. Det vil seie at ting kan gå som normalt, men med vanlege smittevernråd om å halde seg heime når ein er sjuk, å halde avstand og halde god hygiene.

Kommunane må sjå an situasjonen lokalt og justere tiltaksnivået om det trengst.

Krav om gult nivå i skular blir oppheva

Regjeringa opphevar det nasjonale kravet om gult nivå i grunnskulen, men tilrår gult nivå der smittenivået tilseier det.

Jamleg testing i skular skal i større grad nyttast i område med høgt smittetrykk.

Idrett og fritid

Trivselsparkar, leikeland, spelehaller og liknande skal halde stengt.

Treningssenter, symjehallar, badeland, spaanlegg, hotellbasseng, bowlinghallar og liknande kan haldast ope for:

  • Individuell trening. Ved trening med høg intensitet skal det vere to meter avstand.
  • Skulesymjing, symjekurs, symjetrening og konkurransesymjing med arrangør.
  • Rehabilitering og opptrening
  • Gruppetrening kan haldast med maks 20 personar innandørs.

Les meir her.

For dei under 20 år, kan utandørs idrettsaktivitetar gjennomførast som normalt.

Innandørs blir tilrådd ein gruppestorleik på 20 personar, og kan gjennomførast med kontakt der det er nødvendig.

Utøvarar og eventuelt støttepersonell ved innandørs offentlege kultur- eller idrettsarrangement der barn og unge under 20 år gjer aktiviteten, vert ikkje rekna med i det totale talet på personer som kan vere til stader på arrangementet.

Utandørs arrangement tilknytta organisert kultur-, idrett- og fritidsaktivitetar for barn og unge under 20, kan skje utan avgrensingar på antal deltakarar og med eit nødvendig antal vaksne.

Dersom det er fleire enn 100 personer til stades, skal ein ikkje legge til rette for publikumsområde eller bruk av innandørs fasilitetar, bortsett frå toalett.

Organiserte fritidsaktivitetar der barn og unge under 20 år samlast frå ulike stader i landet, har ikkje fått tilråding om å utsette eller avlyse.


Vaksne over 20 år får ikkje like store lettar. Framleis er det tilrådd å utøve aktivitet utandørs der ein kan trene som normalt, med kontakt der det er nødvendig.

Innandørs er det framleis ei tilrådd grense på 20 personar og det skal haldast ein meters avstand. Om det er intensiv trening bør det tilretteleggast for to meters avstand.

Toppidrett kan gjennomførast som normalt med smitteverntiltak.

Uteliv

Den totale sjenkestoppen er oppheva og gjeld no berre frå klokka 23.00. Ein må seinast klokka 23.30 slutte å drikke alkohol på utestaden/restauranten.

Ein må få drikka ved borda og serveringsstaden må sørge for at alle kan halde ein meters avstand til andre enn husstandsmedlem og tilsvarande nære som kjærastar.

Munnbind er det krav om der ein ikkje kan halde meteren, men ein treng ikkje ha munnbind på ved bordet.

Arrangement

Det blir opna for opptil 200 personar på innandørs arrangement med faste sitjeplassar og krav om smittevernstiltak som avstand og munnbind. Utan faste tilviste plassar innandørs er grensa sett til 30 personar.

Utandørs kan ein no vere 200 utan faste tilviste plassar.

Organiserte fritidsaktivitetar der barn og unge under 20 år samlast frå ulike stader i landet, har ikkje fått tilråding om å utsette eller avlyse arrangement.

Besøk og sosial kontakt

Framleis er tilrådinga ein meters avstand til andre enn dei næraste. Tilrådinga om avstand gjeld ikkje for vaksne som arbeider med barn, unge og sårbare grupper.

I tillegg er det tilrådd med maks 10 gjester og å tenke gjennom kor mange nærkontaktar ein har samla sett – men det er ikkje tilrådd å isolere seg heilt!

Om ein har besøk innandørs er det tilrådd og sørge for god ventilasjon og lufting. Opne vindauga før, under og etter besøk. Elles er det tilrådd å treffast utandørs om ein kan.

Unngå handhelsing og unngå bruk av kollektiv transport når det er mange andre på.

Om ein er i risikosona bør ein vere ekstra forsiktig og unngå store samlingar med menneske, men ikkje isolere seg heilt.

Munnbind

Påbodet om bruk av munnbind når det ikkje er mogleg å halde minst 1 meters avstand held fram. Det gjeld i butikkar, kjøpesenter, serveringsstader, kollektivtransport og innandørs stasjonsområde.

I taxi er det påbud om å bruke munnbind.

Det er ikkje krav om munnbind når ein sit ved eit bord på restaurant/pub.

Generelle smittevernråd

  • Praktiser god hand- og hostehygiene
  • Vaksiner deg
  • Hald deg heime om du har symptom eller er sjuk
  • Test deg for covid-19 om du nyleg har fått symptom i hals og nase.

Kjelde: Regjeringen.no