Dumping av gruveavfall: «Vi krev at regjeringa tek ansvar!»

Sigrid Margrethe Hoddevik Losnegård
Publisert
Oppdatert 20.04.2023 10:04

Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar.

«Norge er et av fem land i verden som lar gruveindustrien kaste avfallet sitt på sjøen.»

«Norske fjorder er ingen søppelplass!»

«I Sogn og Fjordane og Finnmark vil gruveindustrien dumpe millioner av tonn med giftig gruveavfall i de rene fjordene Førdefjorden og Repparfjorden.»

Sjølv om plakatane som har desse bodskapane er nokre år gamle, vil gruveindustrien i Noreg framleis dumpe i fjordane våre. 250 millionar tonn i Førdefjorden og 30 millionar tonn i Repparfjorden.

Heldigvis har Natur og Ungdom sin protestleir skremt vekk verdas største koparselskap frå avtalen oppe i nord, men Førdefjorden er framleis truga!

Natt til 7. januar demonstrerte Gloppen Natur og Ungdom i Førde. Her frå rådhuset i Førde. Foto: Privat

Noreg er eitt av fem land som tillèt sjødeponi, men Noreg er eitt av TO land som vil halde fram med dette, og gi ut løyver til ny gruvedumping. Chile har ei gruve som skal stoppe dumpinga innan 2023, Tyrkia og Indonesia fasar ut dumpinga. 

Då er det berre Noreg og Papua Ny-Guinea att.

La fjorden vere

Det ein kan sjå med denne utviklinga er to ting: Fokuset på berekraftige hav veks kvar dag, og Noreg heng etter.

Staten har svikta oss så langt i denne saka. Dei førre regjeringane våre ville ikkje sjå problematikken med å øydelegge fjordane våre (sjølv om Erna var vår sokalla «Havets beskyttar»), men forhåpentlegvis forstår Jan Christian Vestre (Ap) og resten av regjeringa at denne gongen kan dei ikkje ignorere oss.

Ein kan ikkje velje kortvarig profitt framfor livsgrunnlaget vårt.

Med mindre Ivar Fossum i Nordic Mining ein dag vaknar og innser kva han er villig til å setje på spel, er regjeringa nøydde til å handle no, og dei må handle riktig! Sjølv om Olve Grotle (H) er glad i å seie at det er for seint, er det ikkje det!

Noreg, eit av verdas rikaste land, har ressursar og alternativ til gruveindustrien som vil vere meir lønsame i lengda, og som ikkje skadar naturen vår. La fjorden vere ein stad for fisk, for tang og tare, for born som vil leike i fjæra og ungdommar som vil stupe frå kaia. Og ikkje minst, la den berekraftige millionindustrien som er avhengig av ein frisk fjord vekse!

Livsgrunnlaget vårt

Forutan alle arbeidsplassane og omdømmet vårt som er knytt til fjordane våre, er det eit generelt prinsipp vi snart må lære oss: Ein kan ikkje velje kortvarig profitt framfor livsgrunnlaget vårt. For det er det dette prosjektet går ut på.

Lovnadane om arbeidsplassar som skal gjere at ungdommar som oss flyttar tilbake til bygdene våre, har eg inga tru på. Men eg har trua på at dersom regjeringa og kommunen vel å verje naturen vår, vil det freiste for mange fleire enn berre meg sjølv å kome attende til distriktet etter fullførte studium. (Det kan Sunnfjord kommune og Vestland fylke notere seg også!)

Vi er på randen av ei klima- og miljøkrise, og vi kan ikkje løyse desse katastrofane utan rein og frisk natur. Eg og venene mine i Gloppen NU demonstrerer fordi vi veit at kommunen sit på løysinga til dette problemet. No krev vi at dei høyrer på innbyggjarane sine, og ungdommen spesielt, som fortel at vi vil halde fjorden vår rein. 


Har du noko på hjartet? Send tips eller innlegg til tips(a)framtida.no! 


Illustrasjonsfoto frå ei av markeringane til støtte for Klimasøksmålet mot staten. Foto: Terje Pedersen / NTB