Ein forskingsrapport viser at blekksprutar, krabbar og hummarar kan føle smerte og ubehag. No er dyra tekne inn i den nye bristiske dyrevernslova.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Den britiske regjeringa går no gjennom ei stor omskifting i dyrevelferdslovene. Eit av dei siste lovforslaga, The Animal Welfare (Sentience) Bill, er å formelt anerkjenne dyr som sansande vesen – at dei kan føle glede, smerte og andre kjensler.
– Nasjon med dyreelskararar
Når ein forankrar at dyr er sansande i lova, må alle nye lover ta med i rekninga at dyr kan føle kjensler som glede eller smerte, skriv dei i ei pressemelding.
– Som ein nasjon med dyreelskarar burde me ikkje venta mindre enn å gi sansande vesen den rettslege anarkjenninga dei utan tvil fortener, seier han i pressemeldinga.
Les også: Seks av ti er uroa for dyrevelferda
Originalt berre virveldyr
Den nye lova vil:
- formelt anerkjenne dyr som sansande vesen når
- starte ein komité med ekspertar for å sikra tverrpolitisk lovgjevzing som tek omsyn til dyr sine sansar
- sikre at statsrådar oppdaterer parlamentet på råd frå komitéen
Dyrevelferdsminister, Lord Goldsmith, seier i at Storbritannia alltid har leia veg på dyrevelferd.
– Forskinga er no klar på at blekksprutdyr og krepsdyr kan føle smerte, og dimed er det berre rett at dei er dekt under denne viktige lova.
Les også: Trur robotdelfinar kan få slutt på delfinar i fangenskap
Først med dyrevernslov
Storbritannia var det første landet i verda som innførte ei lov for å verna om dyr i 1822, då dei innførte The Cruel Treatment of Cattle Act og seinare Protection of Animals Act i 1911.
Nyleg utvida dei også strafferamma for dyreplageri frå seks månadar til fem år.
Den norske dyrevelferdslova inkluderer pattedyr, fuglar, krypdyr, amfibiar, fisk, tifotkreps, blekksprut og honningbier.
Les også: Brukar Tinder for å finne eigarar til forlatne dyr