Ingvild Eide Leirfall
Publisert
Oppdatert 11.04.2020 12:04

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Sjølv om menneske har oppdaga og utforska store delar av Mars og månen, er det berre bittelitt av havet me har utforska.

Ein reknar at me berre har utforska omlag fem prosent av havbotnen, og dei resterande 95 prosentane av havet er eit stort mysterium.

Nokon meiner det til og med er farlegare enn å reisa i rommet, og fleire har gått på månen enn dykka ned i Marianergropa i Stillehavet, ein av dei djupaste delane av havet.

Scroll deg 10.922 meter

No har ein ung datateknolog frå USA, Neal Agarwal (21), gjort det litt lettare for oss å forstå kor svært og ukjend havet er. Og sjå kva som faktisk er oppdaga.

Han har animert og programmert sida: the Deep Sea der ein kan scrolla og scrolla og scrolla seg gjennom havet, meter for meter.

Botnen er på 10.922 meter på det såkalla «Challengerdjupet». Dette er den djupaste delen av verdshava og ligg i Marianergropa, i Stillehavet.

Og vil du ha meir, har han også laga ei side som viser deg kor stort verdsommet er.

Men obs: Du kan koma til å føla deg veldig, veldig liten.

Foto: Morten Sætrang Haakonsen

Slik såg fleire skulpturar ut i slutten av august. Foto: Morten Sætrang Haakonsen, Instagram: @mortenunderwater