Regjeringa vurderer om vidaregåande skular kan gå frå raudt til gult nivå i løpet av veka.
NPK-NTB
NPK-NTB
Halvard Hølleland (Ap) er statssekretær for kunnskapsministeren. Foto: Kunnskapsdepartementet/Ilja C. Hendel

– Vi vil endre trafikklys i vidaregåande frå raudt til gult. Det må vere eit gult nivå som gjer det mogleg for elevane å vere mykje til stades, samtidig som vi sikrar smittevern, seier statssekretær Halvard Hølleland i Kunnskapsdepartementet (Ap) til NRK.

Han seier endringar kan komme allereie før 14. januar.

Meir krevjande

Kunnskapsminister Tonje Brenna (Ap) seier det er meir krevjande å gå frå raudt til gult i vidaregåande skule, men seier regjeringa har bede om råd med tanke på å kunne gå bort frå dei strenge tiltaka for desse elevane.

– Raudt nivå på vidaregåande er det mest inngripande vi gjer overfor den elevgruppa, så det er definitivt ein stad å ta tak. Så må vi sjå på kva tilrådingar vi får frå helsestyresmaktene og vurdere det opp mot målet om minst mogleg tiltak mot barn og unge, forklarer kunnskapsminister Tonje Brenna (Ap) til NRK måndag morgon.

– Målet er å ta ned så mykje vi kan på heile utdanningssektoren, seier Brenna, men vil ikkje tidfeste når eventuelle endringar kan innførast.


Nordmenn lydde då regjeringa innførte strenge koronatiltak. Når det gjeld klimaet, kvir politikarane seg for å gjere inngripande tiltak.
Foto: Ramiro Pianarosa/Tania Malréchauffé/Unsplash. Kollasj: Framtida.no.
Oppdatert: måndag 10. januar 2022 08.33

LES OGSÅ

ANNONSE