Forskarar jobbar med ein tyggis som skal forhindre koronasmitte

Tyggegummien skal redusere smittefaren gjennom å nøytralisere viruset i spyttet.

Dagny Backer Johnsen
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Eit forskarteam i Pennsylvania jobbar med å utvikle eit nytt alternativ for å motarbeide koronasmitte, nemleg ein tyggegummi.

Tyggisen smakar kanel og skal minske risikoen for smitte gjennom å redusere mengda virus i spyttet.

Det var Forskning.no som omtalte saka først.

Inneheld protein frå plantar

– Vi brukar allereie masker og fysiske barrierar for å redusere smittefaren. Denne tyggisen kan bli eit nytt verktøy i kampen mot viruset, seier professor Henry Daniell som leier prosjektet frå Universitetet i Pennsylvania i ei pressemelding.

Forskningsprosjektet er enno i ein tidleg fase og har brukt spyttprøver frå COVID-19-pasientar for å utvikle oppfinninga.

Tyggisen skal innehalde ACE2-protein frå plantar som nøytraliserer viruset. Studien er publisert i tidskriftet Molecular Therapy.

Kan brukast før tannlegetime

– SARS-CoV-2 formeirer seg i spyttkjertlane. Vi veit at viruset kan overførast til andre når nokon som er smitta nyser, hostar eller snakkar. Denne tyggisen kan nøytralisere viruset i spyttet og gjer det enklare å redusere smittefaren, seier Daniell.

For augenblinken jobbar forskingsteamet med å få løyve til å utføre ei klinisk undersøking for å finne ut om tyggisen er trygg og effektiv.

Om undersøkingane viser at tyggisen er trygg, kan den til dømes verte gitt til personar som skal ha tannlegetime, men ikkje har testa seg.

Morosam idé

Fridtjof Lund-Johansen, lege og forskar ved Avdeling for immunologi og transfusjonsmedisin på Rikshospitalet seier til forskning.no at han synest det er ein morosam idé.

Likevel trur han ikkje at det kjem til å fungere fordi at dråpar vi sender ut gjennom pusting, hosting og nysing kjem frå andre stader enn berre munnhola.

Foto: Daniel Schludi/Unsplash, Privat. Kollasj: Framtida.no