«Kor endar vi om alle ytringer må vere politisk korrekte?»

Maria Leite Kallevik (18)
Publisert
Oppdatert 20.04.2023 10:04

Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar.

Dette innlegget fekk 2. plass i Framtida.no og Magasinett sin skrivekonkurranse om ytringsfridom

Kva skjer med ytringsfridomen når me stenger ute dei som har andre meiningar enn oss sjølve?

I seinare år har uttrykket cancel culture blitt etablert i daglegtalen vår. Oftast definert som ein enkeltperson eller ei gruppe, som blir nekta å sleppe til i den offentlege debatten fordi nokon kjenner seg krenka.

Uttrykte meiningar eller haldningar frå ein person kan ende med utfrysing, der folk for eksempel sluttar å like eller støtte personen. Utfrysinga blir svært ofte formidla via sosiale medium. Folk kan også risikere å miste jobb og oppdrag på feil grunnlag, då presset både frå media og folk blir for stort.

Overlegg eller uhell?

Det er stor skilnad på å krenke nokon med overlegg og å gjere det ved eit uhell. Du treng ikkje teikne Muhamed som ein gris, det er lett å unngå. Det er ikkje alltid like lett å styre unna krenkingar som skjer meir eller mindre ubevisst.

Folk har ulik bagasje og kan bli krenka av situasjonar som kan vere vanskelege å forutsjå. Opplevingar i fortida kan for eksempel gjere folk hårsåre på enkelte område. Kultur og nasjonalitet kan også påvirke korleis ein reagerer på ulike utsagn.

Ein professor i Bergen blei skulda for å trakassere en tysk student fordi han kom med ein spøk som blei oppfatta som krenkande. Det ble ei unødvendig stor sak, som både universitetet og media brukte mykje ressursar på. Faren med en slik utvikling kan vere at førelesarar ikkje tør å vere seg sjølv eller å vere impulsive.

Eit anna eksempel på ei som blei cancelled, var den kjente Harry Potter-forfatteren J.K Rowling, då ho ytra seg om transbevegelsen på Twitter. Enkelte bibliotekarar i Noreg valde å ikkje arrangere Harry Potter-kveldar på grunn av dette.

Faren med å avgrense humoren

Humor er, og har alltid vore, eit effektivt verkemiddel, som kan brukast til det meste. For eksempel kan undervisning med innslag av humor gjere at studentane held interessa oppe. Få likar ein kjedeleg og føreseieleg førelesar.

John Cleese cancelerte seg sjølv i sympati med ein kollega som ikkje fekk ha fleire førelesingar på Cambridge universitet fordi han hadde imitert Hitler. Noko Cleese sjølv også hadde gjort i Monty Pyton og Fawlty Towers.

Mange har lettare for å lære og hugse gjennom bruk humor i staden for å berre bruke fagspråk. Faren med å avgrense humoren kan vere at viktig historie lettare går i gløymeboka.

Faren med å avgrense humoren kan vere at viktig historie lettare går i gløymeboka.

John Cleese blei også skulda for å være transofob fordi han støttet Rowlings der ho uttalte seg om transpersonar.

Dersom alle skal vere einige om alt, vil vi gå glipp av viktige motforestillingar som seinare kan vise seg å vere rette. Dei som tenkjer annleis vil heller ikkje bli dempa i sine meningar, fordi ingen kjem med motargument. Dette vil kunne føre til grupperingar med ulike meningar der den eine gruppa ikke får kjennskap til motargument. Det er litt slik som algoritmane til sosiale medier fungerer i dag. Du får bare opp innlegg som støttar ditt eige syn.

Grobotn for ekkokammer

Dersom vi tar omsyn til alt og alle i ein kvar situasjon, endar vi opp med å berre snakke om det som er ufarleg. Kor blir det då av ytringsfridomen?

Framtidas generasjonar risikerer å bli prega av politisk korrekte meiningar, som få tør å utfordre. Dette gjer at viktige moment kan glippe. Jorda snurrar som kjent rundt sola, ikkje motsett, slik nesten alle trudde før.

Når nesten alt kan etterprøvast, og kan brukast imot deg seinare, er det naturleg at terskelen vil auke for kva folk tør å seie eller skrive. I tilfelle det treffer feil eller blir misforstått, gjerne mange år i ettertid.

I eit gamalt ordtak heiter det at «det er ei grøft på begge sider av vegen». Eg meiner at det er gode trekk ved cancel-kulturen, men at den nokre gonger slår feil ut.

For å ivareta ytringsfridomen er det viktig å ha ein høg terskel for kva meiningar ein skal tole av andre, men det bør trekkjast opp ei klar grense ved feilinformasjon og direkte løgn.

Den einaste måten å oppnå forståing for kvarandre sitt syn er gjennom ein open debatt. Eg meiner det er klokt å møte meiningsmotstandarar med velvilje og gode argument.

Skremmer vi folk bort, er vi samstundes med på å skape grobotn for ekkokammer, der farlege meiningar og haldningar kan vekse ukorrigert. Heilt til dei blir ein reell trussel for fellesskapet.


Les også om korleis det er å vere aktivist i Filippinane:  – Den konstante frykta og uroa for at ein gong, ein dag, så bankar nokon på di dør og tek deg med vekk utan at du veit kvifor

 – Vi fortel folk som ikkje er aktivistar endå, at dei ikkje bør vere redde for å heve stemma si, fordi vi er mange og saman er vi sterke, fortel Mitzi Jonelle Tan. Foto: AC Dimatatac