«Alkohol er eit lovleg rusmiddel i dag, og ein skal ha lov til å ha det gøy»
Dette handlar eigentleg først og fremst om at Oslo skal følgja etter dei mange andre kommunane som har hatt desse tidene lenge, skriv Sigrun Refsnes (16) om at utelivet i Oslo får skjenka frå klokka 08.00.
Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar.
Retting: I første versjon av innlegget stod det Aura kommune, dette er no retta til Aukra kommune.
Juvente-leiar André Thomassen Haugen skriv i eit meiningsinnlegg: «Byrådet i Oslo føreslår å opna for alkoholservering på utestadar frå klokka 08.00 på 17. mai – fire timar tidlegare enn vanleg.»
Ja, no har byrådet opna opp for sal og servering av alkohol frå kl. 08:00 alle dagar i Oslo, men det er ikkje heilt rett å seia at det nødvendigvis blir meir fyll av den grunn.
Det har mellom anna lenge vore ein tradisjon med sjampanjefrukost på 17. mai. Mange blir fulle heime, og alkoholisme er eit kjempealvorleg problem, også i byen vår. Men om me berre hadde laga reglar basert på dei, hadde alkohol vorte forbode.
Alkohol er eit lovleg rusmiddel i dag, og ein skal ha lov til å ha det gøy. Samtidig må dei avhengige få hjelp.
Forslaget handlar heller ikkje spesifikt om 17. mai, det handlar om alle dei andre dagane òg. Men dette handlar eigentleg først og fremst om at Oslo skal følgja etter dei mange andre kommunane, som, Aukra kommune, Drammen, Midt-Telemark, Stjørdal, Gjøvik, Ullensvang, som har hatt desse tidene lenge. Me har lege bak, det har vore urettferdig, men no blir me meir likestilte med resten av Noreg.
Det er heller ikkje nødvendigvis sånn at alle skjenkjestader no opnar kl. 08:00 kvar dag, men dei har høve til det.
Me ønskjer alle ei fin feiring av nasjonaldagen vår, og hugs å ver merksam på eige alkoholforbruk. For Oslo kan betre enn dette.