Ytringsfridommens punktum

Ingeborg Dahle Raunholm
Publisert
Oppdatert 20.04.2023 10:04

Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar.

Denne teksten blei kåra til vinnar av skrivekonkurransen til Framtida.no og Magasinett om ytringsfridom og sosiale medium.

«Nordmenn er unge og gamle, høye og lave, funksjonsfriske og rullestolbrukere. Nordmenn er rike, fattige og midt i mellom. Nordmenn er jenter som er glad i jenter, gutter som er glad i gutter, og jenter og gutter som er glad i hverandre.  Nordmenn tror på Gud, Allah, Altet og Ingenting.»

– H.M Kong Harald V


Noreg! Verdas finaste land. Gratis skule, sjukehus, god politikk og ikkje minst ytringsfridommen.

Ytringsfridommen er retten menneske har til å seia og meina kva ein vil, i ein viss grad. Du kan seia du ikkje likte maten på restauranten eller at frisøren gjorde ein dårleg jobb.

Desse orda sårar såklart for dei som har lagt andakt i arbeidet deira, men du som menneske har rett til å seia ifrå.

Det du ikkje har lov til er å hakka ned på andre sin religion, hudfarge eller identitet, det er brot på menneskerettane.

Me ungdommar er limt fast i skjermane som om det står på liv eller død

I dag er det mindretal som ikkje har ein form for sosiale medium eller tilgang til internett. Me ungdommar er limt fast i skjermane som om det står på liv eller død.

Det er lett å skriva det ein vil med eit anonymt ansikt på motsett sida av landet eller til og med jorda. Det kan vel ikkje ha konsekvensar? Jo, det har det.

Internettet har jo alt du kan drøyme om! Det kan både vera fantastisk og eit forferdeleg stad.

Det er ingen hemmelegheit at det er me ungdommar som sitt mest med skjerm, derfor er det me som kommenterer mest.

Ungdommar er jo opptekne av alt!

Nokre døme på kva me kommenterer på kan for eksempel vera kjende artistar, moteklede, vener og politikk.

På internett er det store sjansar for å lykkast og store sjansar for å få motstand.

Skriv eit meiningsinnleg for eksempel, mykje likar-klikk og ein sur kommentar. Eit nettroll eller starten på ein debatt?

Debatt treng nemleg fleire personar, men eit nettroll er berre nokon som sitt anonymt bak ein skjerm og spyr ut av kva enn hovudet tenkjer. Så får du bestemma sjølv kva som er mest sakeleg.

Streken er sett når du er gått over den.

Eg blar til tommelen går lei, det gjer eg så og seia kvar dag. Klokka ni, måndag morgon samanliknar eg skjermtida med andre venner. Eg har relativ høg skjermbruk. Tenk alt eg hadde vore god i dersom sosiale medium ikkje var til stades!

Kven er det som eigentleg bestemmer kven som er kva? Er det likar-klikkane, sure og spesielt eldre folk i kommentarane, føresette eller deg sjølv?

Ingen skal nemleg bestemma kva du kan seie eller ikkje, men å bryta menneskerettane er lovbrot, det handlar også om god folkeskikk!

I dagens samfunn er det lettare å manipulera, kritisera og mobba andre. Det er lettare å misforstå og misbruka. Og det er lettare å blokkera og rapportera enn nokon sinne.

Kanskje du skriv ein kommentar i eit ueinig kommentarfelt på Facebook og vart litt uheldig med formuleringa di, då kan du få sure kommentarar tilbake eller i sjeldne tilfelle få grove truslar.

Alt ligg på nettet og det skal masse til for å få sletta noko som helst!

Kvar går streken i kommentarfelta? Kvifor må nokon seia dei styggaste ord berre for at ein visa at ein er ueinig?

Det er rasisme, trakassering og hetsing overalt og folk opplever det kvar einaste dag. På fotballbanen, i politikken og på internett kanskje meir enn noko anna plass.

Respekter forskjellar, aksepter ueinigheiter og ikkje minst ver greie mot kvarandre. Ord sårar meir enn du trur.

Gjer mot andre det du vil at dei skal gjera mot deg.

Dersom du ser spesielt ein ungdom utrykkja meiningane sine på internett – så gå i tenkjeboksen før du i det heile tatt tar ein finger på tastaturet.

Les intervju med vinnaren av skrivekonkurransen her: – Me som er unge er framtida, og må halda fram med å seia meininga vår

Vinnaren av den siste skrivekonkurransen til Framtida.no, Ingeborg Dahle Raunholm (16), går på VG1 studiespesialisering ved Stord vidaregåande skule. Foto: Svein Olav B. Langåker