Éin av fem meiner «politisk korrekthet» er eit stort problem

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Men det er betydelege forskjellar mellom veljarane til dei ulike partia i dette spørsmålet, viser undersøkinga frå Institutt for samfunnsforskning.

– Eit klart fleirtal av dei som stemmer Framstegspartiet og Høgre, er heilt eller delvis samd i at «politisk korrekthet» er eit problem, medan eit mindretal av veljarane til SV og Raudt svarer det same, seier forskar Audun Fladmoe.

Uttrykket «politisk korrekt» blir brukt – hovudsakleg i nedsetjande betydning – om ulike forsøk på å endre uttrykksformer eller sensurere ytringar som enkelte kan oppleve som støytande eller diskriminerande, ifølgje Store Norske Leksikon.

Møtt med ubehagelege kommentarar

I tillegg svarer om lag tre av ti at det politiske klimaet i Noreg gjer det vanskeleg for dei å seie kva dei meiner. 26 prosent seier at dei har opplevd ubehagelege eller nedlatande kommentarar etter å ha ytra seg, medan 5 prosent oppgir å ha fått truslar.

– Samanlikna med 2015 ser vi at delen som seier at dei sjølv har vore utsette for ubehagelege kommentarar eller truslar, er omtrent uendra, medan det er ein auke i delen som har sett andre bli utsette for dette, seier Fladmoe.

Vidare meiner eit klart fleirtal at det bør vere rom for ytringar i offentlegheita som ulike grupper kan oppfatte som krenkjande. Det gjeld òg ytringar retta mot minoritetsgrupper som LHBT-personar og muslimar.

Religionskritikk

Så lenge det ikkje blir oppmoda til vald, meiner éin av fire at det bør vere greitt å ytre rasistiske meiningar i offentlegheita.

Drygt éin av tre svarer at ytringar som hånar religion, bør vere tillatne, medan snautt to av tre meiner det bør vere lov med ytringar som kritiserer religion.

Karikaturteikningar bør ikkje publiserast når dei kan opplevast som krenkjande, meiner 13 prosent. 37 prosent seier media bør vere restriktive med slik publisering.

2.000 personar deltok i undersøkinga, som har vorte gjennomført hausten 2015 og 2020.