«Buss = Venting for alltid»

Lamia Mutoka (16)
Publisert
Oppdatert 20.04.2023 10:04

Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar.

Er du glad i å reise? Vel, det er eg. Alle reiser ein gong i livet, uavhengig om ein vil det eller ikkje. Men når ein skal reise er det kanskje fint å reise på ein komfortabel, rask og billig måte? Dersom du bur i ein storby er dette ei sjølvfølge, men det er det ikkje for alle.

Her i distrikta har du flaks om du får tak i buss utan å måtte vente i 3 timar for at neste buss skal køyre. Slik kan det ikkje fortsette!

Alle skal få kunne reise der dei vil til den tid dei treng. No kan vi ikkje la dei som bur i byane få dei beste kollektivmidla.

To bussar om dagen

Dei aller fleste har opplevd å reise med buss minst éin gong, om det var for å kome seg til ein tannlegetime, eit besøk eller til ein konfirmasjon. Korleis skal vi som har lyst til å besøke vår sjuke bestemor på sjukeheim, kome fram når det berre er to bussar som går for dagen?

Kvifor skal alle som utdannar seg som bussjåfør berre jobbe i byane, når det er like viktig for dei som bur i distrikta å kome fram?

I distrikta har du flaks om du får tak i buss utan å måtte vente i 3 timar for at neste buss skal køyre

Etterspørselen er kanskje enda større i distrikta på grunn av store avstandar til alt. Dersom det er så stor etterspørsel av buss, betyr jo det at vi treng fleire.

Lågtløna sjåførar

Det er ikkje berre ukomfortable sete eller dårlege rutetider, men også skyhøge prisar med dårleg løn for sjåførane. Ein bussbillett frå Sogndal til Oslo kostar i gjennomsnitt 800 kr, medan ein flybillett kostar i gjennomsnitt 791 kr, der ein kan få eit måltid med på kjøpet.

Og det er ikkje berre vi som passasjerar som er dei einaste som er misfornøgde.

Frå ei undersøking i 2019 svarte 1 av 3 bussjåførar at dei ikkje ville anbefale yrket sitt til yngre på grunn av lønna deira. «8500 bussjåfører streiker nå for bedre lønn, bedre arbeidstidsordninger, og bedre sikkerhet» seier NRK under streiken i 2020.

Sidan så mange misliker yrket sitt på grunn av busstilboda regjeringa har lagt fram, blir det tap av bussjåførar dei neste åra. Heile yrket vil mest sannsynleg forsvinne om 20 år, som vil føre til at fleire vil kjøpe bil for å kome fram. Med fleire bilar vil vi ikkje kunne klare å nedkjempe klimakrisa som vi har i dag.

Framtida til distrikta

Heile framtida til distrikta heng i ein tynn tråd, der vi risikerer at fleire flyttar til storbyane, og færre vil bu ute i distrikta.

Dette fører til færre gardsbruk, dårleg luft i byane og heile bygder vil forsvinne gjennom åra. Personar som bur langt frå byane, må køyre langt og lenge for å kome fram. Det vil vere fleire samanslåingar av sjukehus som gjer at det tar lengre tid å kome fram under ein nødssituasjon.

Eg meiner å totalt ignorere distriktsmiljøa, vil føre til store konsekvensar over heile landet. Difor treng vi betre busstilbod slik at folk kjem fram.

Bussen er nesten ikkje til stades ute på bygdene, men vi kan gjere noko med dette problemet. For sjølv om problema med buss berre råkar ein del av befolkninga, vil konsekvensane i seinare føre til tøffe tider i Noreg.

Vi treng betre busstilbod og vi treng det no.


Senterungdommen har fått Senterpartiet med på å gå inn for eit kollektivkort for ungdom som skal gjelde heile vegen frå nord til sør. Foto: Pixabay, Senterungdommen