«Fattig når landet er rikt»

Aida Kapetanovic (17)
Publisert
Oppdatert 20.04.2023 10:04

Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar.

Dette bidraget fekk heider frå juryen i Framtida.no og Magasinett sin skrivekonkurranse om håp for framtida.

Hugsar du skamma av å ikkje bli invitert til den eine bursdagen alle snakka om i klassen, og det å skulla seia nei kvar gong nokon spurde om å vera med heim til deg?

Eller over å ikkje få den jobben du så sårt trong, for inst inne så visste du at pengane ikkje kom til å strekka til. Hugsar du det?

Dei aller fleste av oss vil oppleva utanforskap ein gong i livet, og då hjelper det lite at samfunnet i Noreg bli dyrare og dyrare.

Heilt frå du blir fødd får du konstant høyra at du vann gullbilletten, for du har vorte fødd i det rikaste landet i verda. Derimot så blir vi i Noreg utanfrå oppfatta som at vi bekymrar oss over kvar minste ting, og at vi ikkje set pris på det vi har.

Bak fasaden

Typiske haldningar folk har til Noreg er at dei trur at vi sit og bekymrar oss over kva vi skal ha til middag. Då er det lett å seia at vi i Noreg ikkje klarer å sjå kor heldige vi er, og at vi tar det forgitt. Bak fasaden ligg det faktisk ei stor sårbar gruppe som har vorte heilt usynleg i dagens samfunn, dei fattige.

Nordmenn i utlandet føler ei sterk tilfredsstilling når dei kan setja seg på ein restaurant og kjøpa ein middag med vin for nokre få kroner.

Utlendingar i Noreg har det heilt motsett. Dei er ikkje vande med å betala det dobbelte av det dei hadde gjort heime for ei bukse. Ein franskmann berre ler når han får vita prisen på eit par sko i Oslo. Ein øl kostar 80 kroner og ein cola 40. Eit måltid på ein restaurant er så dyrt for turistar at dei heller vel å fylla opp bubilen med mat og drikka frå heimlandet før dei kjem hit.

Sjokkerande

Korleis trur du det då er for ein vanleg familie på fire i Noreg, der berre faren jobbar? Når til og med besøkande turistar sperrar opp auga for stive prisar, og set maten i halsen når dei får høyra rekninga.

Det er vanskeleg å vera fattig i eit rikt land.

Det er vanskeleg å vera fattig i eit rikt land. Det er mange fattige i Noreg, og fattigdommen berre aukar og aukar for kvar dag som går. FN reknar med at omlag 10 prosent av befolkninga i Noreg lever under den såkalla fattigdomsgrensa. SSB fastslår at over 115.000 barn veks opp i fattigdom.

Dette er sjokkerande tal. Politikarane gjer mykje, men når talet er så høgt er det tydelegvis ikkje godt nok.

Som foreldre er det då hardt å stå på sidelinja og sjå samfunnet rundt deg berre blir dyrare og dyrare. Du startar å tenka at det kanskje var feil å få barn fordi dei ikkje har det livet dei fortener.

Ikkje til å skjøna

Du som mor skal ikkje måtta telja kroner kvar gong du skal senda barnet ditt i ein bursdag, for alle foreldre vil det beste for barna sine. Ingen vil vel då at barnet sitt skal føla seg utanfor? Foreldre tenker mykje på at barna ikkje får det dei treng. Då er det hardt å vera fattig i eit rikt land.

Vi bur i eit rikt land med mykje makt, og då er det mange som ikkje skjønar kvifor politikarane ikkje gjer meir for å hjelpa.

Det å høyra Jonas Gahr Støre gå ut og seia at det er vanlege folk sin tur er eit stort løfte. For gong på gong så har vi sett at politikarar gjer veldig lite, og som regel går det utover den sårbare gruppa, som føler seg oversett og gløymd. Det gjer at vi veljarar mistar trua på politikarane fordi dei ikkje held løfta dei gir. Det blir rett og slett mykje diskusjon og lite handling.

Ingen skal måtta telja kroner kvar gong dei skal kjøpa inn mat til familien.

Det har ikkje noko å seia at Noreg er eit rikt land for det betyr ikkje at alle som bur der er det, og for nokon er det ekstra vondt å vera fattig når landet er rikt. For nokon betyr det å aldri kunna kjøpa den første bustaden sin. For forskjellen mellom oss har vorte endå tydelegare.

Håpet mitt for framtida er at politikarane ser dei mest sårbare og sluttar å gjera det endå dyrare for folk å leva eit fullverdig liv.

Ingen skal måtta telja kroner kvar gong dei skal kjøpa inn mat til familien. Dei problema vi har med fattigdom er der og vi må slutta å skyva det under det berømte teppet.


Juni Sletten Sætervik vann skrivekonkurransen om håp for framtida. Foto: privat