Maria Navarro Skaranger er nominert til Ungdommens kritikarpris

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Nominasjonsjuryen har bestått av Thea Baugstø, Leif Bull og Maya Troberg Djuve, og åtte bøker er no med i konkurransen.
Kven som hentar heim prisen skal sju juryklassar i vidaregåande skule avgjere.
Dette er dei nominerte:
- Stargate. En julefortelling av Ingvild H. Rishøi, Gyldendal
- Flukt av Carl Frode Tiller, Aschehoug
- Emily forever av Maria Navarro Skaranger, Oktober
- Våre heroiske liv av Karin Haugane, Gyldendal
- Anne F. av Kristian Klausen, Cappelen Damm
- Mine venner av Monica Isakstuen, Gyldendal
- Mine menn av Victoria Kielland, No Comprendo Press
- Sorgsanger av Kari Saanum, Oktober
Framtida.no sin meldar trilla ein femmar på Emily forever av Maria Navarro Skaranger, og meinte historia er heilt unik.
- Nysgjerrig på kva bøker forfattarane sjølv les? Kik i bokhylla! Maria Navarro Skaranger las Twilight som tenåring, og er flau over at boka gjorde inntrykk.
Påfallande mange unge hovudpersonar
No skal elevane lese, diskutere og kåre ein vinnar. Prisen vert delt ut på Sentralen i Oslo 16. mars 2022.
– Blant årets nominerte er det påfallande mange unge hovudpersonar og mykje familieproblematikk. Eg er spent på om det vil ha noko å seie for årets juryklassar, eller om dei endå ein gong vil gi oss eit overraskande val.
Det seier Petra J. Helgesen, prosjektansvarlege for Ungdommens kritikarpris i Foreningen! les, i ei pressemelding.
Fjorårets vinnar var forfattar Odd Klippenvåg (69), som fekk prisen for novellesamlinga En lykkelig gift mann – og andre noveller.
– Eg hadde aldri trudd at eg skulle vinne prisen. Som eldst av dei nominerte har eg altså greidd å fengje så unge lesarar. Dette gler meg verkeleg, sa vinnaren då.
Kritikarprisen til ungdommen er eit samarbeid mellom Foreningen !les, Utdanningsforbundet, Norsk kritikarlag og Den norske Forleggerforeningen.
- Les også om då Carl Frode Tiller var 20 år gammal: Han var i Brasil, der han vart rana tre gongar – eine gongen med ein pistol mot bakhovudet!