Då eg var 20: Carl Frode Tiller fekk ein pistol mot hovudet i Brasil

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Forfattar Carl Frode Tiller frå Namsos fekk allereie i 2001 prestisjefylte Tarjei Vesaas’ debutantpris for romanen Skråninga, men slo for alvor gjennom med trilogien Innsirkling.

Denne sommaren er han festspeldiktar under Dei nynorske festspela i Ørsta/Volda, difor spurte me 49-åringen kven han var i 1990.

Kor var du då du var 20?

I Trondheim og i Brasil.

Korleis var kvardagen/kva gjorde du?

Eg begynte på sosialantropologi grunnfag på universitetet rett etter jul, så vidt eg hugsar, og så tok eg eksamen etter eitt semester, for så å reise til Brasil, der eg reiste rundt på måfå i eit halvt års tid saman med det som den gongen var kjærasten min.

Carl Frode Tiller spelte mykje gitar som 20-åring. Foto: Privat

Hugsar du kva som skjedde?

Eg var ikkje nokon flittig student på dette tidspunktet, og frå den første tida i Trondheim hugsar eg best at eg spelte mykje gitar og var ute på byen med vennar.

Brasil har eg mange gode minne frå (spesielt naturen i Amazonasjungelen), men også nokre dårlege. Vi vart til dømes rana tre gongar, og det siste var eit grovt ran.

Kva las du/såg du på/lytta du til?

Eg hadde ikkje tv og internett fanst ikkje enno, så eg såg ikkje på noko som helst.

Men eg las ein god del. Litt fag, men mest skjønnlitteratur. Eg meiner å hugse at Sult var favorittboka mi på den tida.

Musikk var enda viktigare for meg den gongen enn i dag, og eg og kompisane mine brukte mykje tid på både å spele og høyre på musikk. Fram til da hadde eg høyrt mest på prog, gamal blues og rock frå 60- og 70-tallet, men eg hugsar godt at vi begynte å høyre meir på jazz da vi kom til Trondheim som 20-åringar.

Hugsar du 20-årsdagen din?

Nei. Det hugsar eg ingen verdens ting i frå.

Kva er det sterkaste minnet frå då du var 20?

Det er vanskeleg å feste minne til bestemte årstal. Alt blandar seg jo med åra. Så da må eg seie Brasil-turen generelt, og det eine ranet spesielt.

Eg hugsar rommet det skjedde i, eit gamalt nedlagt apotek der digre edderkoppar sprang omkring, eg hugsar kjensla av å få ein pistol mot bakhovudet, og at ranarane krevde å få narkotika, eg hugsar at dei ikkje trudde oss, og at dei dreiv og klikka med pistolane mot hovuda våre i eit kvarter, tjue minutt, før dei til slutt tok med seg toalettmappene våre, og la på sprang. Eg håpar dei åt i seg all Immodiumen og fekk evig forstopping.

Visste du kva du skulle bli i livet?

Eg ville jo bli forfattar. Å skrive var det einaste eg visste at eg hadde verkeleg lett for. Men om eg fekk det til eller ikkje, kunne eg jo ikkje vete sikkert, naturlegvis.

Det lange håret har Carl Frode Tiller hatt ei god stund. Foto: Privat

Hugsar du korleis du tenkte om livet og om framtida?

Nei, eigentlig ikkje. Men eg såg for meg mange år på universitetet, mykje gitarspeling og anna kunst og kultur, kombinert med så mykje reising som økonomien til ei tid kvar tillet. Slik vart det da også.

Kva ville du tenkt om du no møtte deg sjølv som 20-åring?

Eg trur muligens at eg ville ha oppfatta den fyren som litt for skråsikker. Men ellers ganske grei.

Kva råd ville du gitt til deg sjølv?

Eg angrar ingenting, og trur ikkje eg har så mange råd å komme med. Bortsett frå at det kan vere lurt å vere litt meir audmjuk. Ein treng ikkje late som om ein kan og veit alt. Slapp av.

Les også om Trygve Skaug, som var på turné og planla eit frieri:

Som 20-åring turnerte Trygve Skaug landet rundt med kameratar, men planla å bli røyrleggjarlærling på sida. Foto: Øyvind Ganesh/privat