Forfattaren har gitt ut bok om erfaringane frå psykiatrien og ser for seg å bli portrettert av Pørni-skodespelar Vivild Falk Berg.

Birgitte Vågnes Bakken
Publisert

– Eg blir trekt mot romanar – særleg dei som bevegar seg i det mørke, utforskar relasjonar og rommar ei djupne eg kan lære noko av eller kjenne meg igjen i. Litteraturen opnar stadig nye rom for innsikt og ettertanke. 

Det fortel Nikoline Riis Lindahl i ein e-post til Framtida.no.

– I tillegg har eg ein stor forkjærleik for barnebøker. Heldigvis har eg fleire tantebarn som eg forsøker å lokke inn i bøkenes fortryllande univers.

29-åringen er aktuell med boka Pasientrom 42. To år på lukket avdeling, der ho deler eigne erfaringar som pasient i behandling for anoreksi.

Nikoline Riis Lindahl

Alder: 29

Frå: Tønsberg

Utdanning: Journalistikk

Yrke: Forfattar

 

Om boka hennar blir filmatisert, kan ho sjå for seg Pørni-skodespelar Vivild Falk Berg i hovudrolla.

– Akkurat no er eg fullstendig fanga i Pørni-bobla, men eg trur faktisk ho kunne ha spelt hovudrolla – altså meg – med glans! Sjølv om det riktignok er eit visst sprang mellom Pørni og mi første bok … mildt sagt! Men ho er god!

Vi har kika i bokhylla til forfattaren!

Skriv på ny bok

Lindahl studerer i dag journalistikk, og avslører at ho skriv på si andre bok.

– Kor mykje les du sjølv?

– Minst éi – og aller helst to – bøker i månaden! Men sidan eg både skriv på ny bok sjølv og studerer, blir det dessverre mindre tid til lesing enn før. Men lydbok funkar på farta! 

Skriv som ingen andre

Lindahl les oftast heime eller på kafé.

– Eller på toget! Eg les visst overalt, så lenge eg har ei bok og ein halvtime å slå i hel.

Boka som ligg på nattbordet til 29-åringen akkurat no, er Annie John av Jamaica Kincaid. Kincaid er forfattar og professor i afrikanske og afroamerikanske studiar ved Harvard.

– Ho er kanskje ikkje undervurdert – men kan ho eigentleg vurderast nok? Jamaica Kincaid er min absolutte favorittforfattar, rett og slett fordi ho skriv som ingen andre. Ho slår inn døra til språket og gjer det til sitt eige.

Jamaica Kincaid er ein amerikansk forfattar med bakgrunn frå Antigua. | Foto: Sofie Sigrinn, CC BY-SA 4.0, Wikimedia Commons

Kresen lesar

Lindahl blir treft av bøker som har ein nerve – ei kjensle av nærvær og noko som dirrar under overflata.

– Når det er sagt, er eg ein kresen lesar. Eg blir trekt mot forteljingar med kontrastar og spenningar, der mykje blir formidla gjennom undertekst. God historieforteljing og eit presist, levande språk er heilt avgjerande!

– Kva bok skulle du ønske du hadde skrive? 

– Det er fleire, altså. Men kanskje Der skogen møter stjernene av Glendy Vanderah. Eit meisterverk, synest eg!

Lindgrens univers

Lindahl har vakse opp med Astrid Lindgren, og assosierer alle bøkene hennar med barndommen.

– Eg elska å lese bøkene hennar. For ein forfattar!

Foto: Birgitte Vågnes Bakken

Lindgren er òg forfattaren ho helst ville invitert på middag, om ho kunne valt på øvste hylle blant forfattarar.

– For eit univers ho skapte, både for barn og vaksne, i litteraturen og på film. Eg skulle gjerne invitert ho på taco og snakka om historier, fantasi og krafta i gode karakterar!

I tenåra gjorde boka Bienes hemmelige liv av Sue Monk Kidd inntrykk på Lindahl.

– Ho har fått ein heilt spesiell plass på mi liste over favorittbøker, og er kanskje den som har gjort mest inntrykk av dei alle.

Hjort heile livet

– Kva bokkarakter kjenner du deg mest igjen i?

– Eg kjenner meg ikkje heilt igjen i éin karakter – men i glimt, her og der. Ein følelse, ein tanke, ein feil. Det er kanskje det som gjer lesing så gjenkjenneleg likevel.

– Om du berre skulle lese bøker frå ein forfattar heile livet ditt – kva forfattar?

– Det må bli Vigdis Hjort! 

Då ho var blitt så avmagra at kroppen truga med å kollapse fullstendig, blei Nikoline Riis Lindahl innlagt på lukka avdeling. | Bokomslag: Kagge