Ungdommens favoritt var «En lykkelig gift mann»
Odd Klippenvåg (69) fekk Ungdommens kritikerpris for En lykkelig gift mann - og andre noveller.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
– Eg hadde aldri trudd at eg skulle vinne prisen. Som eldst av dei nominerte har eg altså greidd å fengja så unge lesarar. Dette gler meg verkeleg.
Det seier Odd Klippenvåg i ei pressemelding frå Foreningen !les etter at han fekk Ungdommens Kritikerpris 2020.
– Sjokkerer oss
Odd Klippenvåg har gitt ut over tjue bøker sidan debutenromanen Nattbilde (1978). En lykkelig gift mann – og andre noveller er hans åttande novellesamling.
Vinnaren vert vald ut av sju juryklassar som har lese åtte norske skjønnlitterære bøker, nominert av ein jury frå Norsk kritikerlag.
Dei andre nominerte var:
- Pedro Carmona-Alvarez: Inventarium (Kolon)
- Vigdis Hjorth: Er mor død (Cappelen Damm)
- Ingrid Nielsen: Den andre Jakobsstigen (Gyldendal)
- Olaug Nilssen: Yt etter evne, få etter behov (Samlaget)
- Ingrid Storholmen: Støvberar (Aschehoug)
- Heidi Sævareid: Longyearbyen (Gyldendal)
- V.S.Tideman: Jeg, rommet (Oktober)
Elevjuryen meiner En lykkelig gift mann – og andre noveller vekkjer mange kjensler og har mange spenningstoppar.
– Det er ei bok som held på merksemda vår, og når ho sjokkerer oss, er det fordi teksta overtyder oss om at dette kunne skjedd i verkelegheita, heiter det i grunngjevinga.
Skjult skatt
Prosjektansvarleg for Ungdommens kritikerpris i Foreningen !les, Petra Helgesen, rosar ungdommane for å løfta skjulte skattar med tildelinga til Klippenvåg.
– Han er ein forfattar som sjeldan blir omtala i dagspressa. No får me håpa at det vaksne publikummet følgjer ungdommen sitt eksempel, seier ho i pressemeldinga.