Bokmelding: Emily Forever – heilt unik

Elise Solvåg
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

I Emily Forever møter vi den unge oslojenta Emily. Ho har eit enkelt, men komplisert liv. Ho er høggravid, men kjærasten Pablo har forsvunne. I tillegg er Pablo kriminell, og Emily blir kontakta av politiet.

Mora til Emily, som sjølv var einsleg mor, vil gjerne hjelpe dottera, men er konstant livredd for at barnevernet kan dukke opp og ta frå ho barnet om Emily gjer noko som helst bittelitt feil. Det er eit komplisert forhold mellom mor og dotter, og det kjennest ut som om Emily har arva mora sitt liv, eit liv fullt av angst og anger. 

Eit truverdig innblikk

Eg vil ikkje seie at boka er ein direkte kritikk til barnevernet, men det er definitivt eit truverdig innblikk i tankane til dei som genuint er bekymra for, og reelt kan, miste foreldreretten sin.

Ein ser kor forvirrande mange av aspekta ved helsevesenet kan vere, og kor lite hjelpsame eller veldig hjelpsame nokon av aktørane kan vere. I tillegg til helsevesenet, har Emily òg ein nabo og ein butikksjef som gjerne vil hjelpe henne med alt mogleg, noko som kompliserer ting endå meir.

Emily er sårbar, og graviditeten gjer denne sårbarheita hennar (som eigentleg har vore der veldig lenge) så synleg, både for alle rundt Emily, men òg for oss som lesarar.

Heilt unik

Boka er skriven i eit slags utanfråperspektiv, men med ein forteljar som berre blir meir og meir personleg og synleg i teksten.

Forteljaren synest synd på Emily, og ser ofte på ho som eit barn som ikkje kan ta eigne avgjersler – mest fordi ho ikkje veit korleis. (Dette blir ofte skrive i parentes, for det er sånne ting Emily ikkje forstår.) Dette gjer at kvar gong Emily gjer noko litt dumt, forstår ein at ho ikkje naudsynt er dum, ho veit berre ikkje betre.

Ein synest synd på Emily, men samstundes er ho ein karakter det er vanskeleg å identifisere seg med eller heie på, rett og slett fordi vi får dei dårlege vala hennar og passiviteten hennar presentert med ein distanse.

Samstundes vert Emily skildra på ein varm og fin måte, som om forteljaren forstår at det er vanskeleg å sympatisere med ho berre basert på korleis ho oppfører seg. Dette forteljargrepet gjer historia både personleg og analyserande, og gjer historia heilt unik.

Denne boka passar for: Deg som vil møte ein vanleg romankarakter, skildra på ein heilt uvanleg måte – eller berre få eit innblikk i ein skjult del av samfunnet.


Allereie som 20-åring romandebuterte Maria Navarro Skaranger. No får ho Bjørnsonstipendet som går til eit lovande forfattarskap. Foto: Pernille Marie Walvik