Bokmelding: Ikke se nå – nært om vennskap og fridom

Få av dagens forfattarar klarar å treffe unge like godt som den prisvinnande forfattaren Alexander Kielland Krag.

Frida Solheim
Publisert

Alexander Kielland Krag er ein ung, spennande forfattar som tidlegare har vunne Uprisen og Trollkrittet, og har blitt nominert til fleire andre høgståande prisar. Ikke se nå er hans fjerde ungdomsroman, og gir som dei andre romanane hans eit nært innblikk i korleis det er å vere ung i dagens samfunn.

Ikke se nå

Forfattar: Alexander Kielland Krag

Forlag: Gyldendal

Utgjeve: 2025

Sjanger: Ungdomsroman

Romanen følgjer hovudpersonen Johannes, som er i Frankrike på sommarferie med bestekompisen sin, jenta han er «friends with benefits» med og ei venninne av henne. Dei har rike foreldre som allereie har planlagt liva deira, så denne sommaren er som ein ferie frå deira verkelege liv.

I løpet av sommaren møter Johannes naboguten Théo, som har ein fri fotograf som mor og sjølv studerer film i Paris. Når dei blir forelska, må Johannes ta stilling til korleis livet hans er no, korleis det kjem til å bli og om det er livet han ønskjer å ha eller ikkje.

Stemningsfulle skildringar

Romanen er lett å lese med korte setningar og munnleg preg. Språket er tydeleg tilpassa unge lesarar og korleis dei snakkar, med engelske ord og uttrykk midt i norske setningar.

Sjølv om språket er munnleg, inneheld romanen òg fleire stemningsfulle skildringar, som verkeleg får deg til å føle at du er til stades med karakterane. Dei bidrar til å løfte romanen og gjer det lettare å leve seg inn i historia og bli kjent med staden, stemninga og korleis dei opplever verda rundt seg.

Vennskap før alt anna

Noko av det mest interessante med romanen er korleis han beskriv eit av hovudtemaa: vennskap. Me blir òg godt kjende med bestekompisen August. Dei har vore vennar så lenge dei kan hugse, og har halde saman gjennom tjukt og tynt, sjølv når dei gjer ting dei ikkje bør.

Setninga «Fortell meg noe det ikke er meningen at jeg skal vite» går igjen fleire gonger, og blir oppfatta som ein måte å vise kor djupt bandet mellom Johannes og August faktisk er. Dei er to barndomsvennar knytt saman av same skjebne, med foreldre som ikkje forstår dei. Til tider verkar det som dei er avhengige av kvarandre, fordi den andre kjennest trygg i eit hav av press og forventningar.

Vanskelege val

Temaet fridom går igjen. Johannes er usikker på om planane foreldra har for han, er det han faktisk vil gjere med livet sitt, men føler at han ikkje har moglegheit til å velje noko anna. Dette er òg fordi han til dels føler eit ansvar for å ikkje late August i stikken.

Sommarflørten Théo og Johannes sitt kamera er sterke symbol på fridom. Det verkar som han føler seg heilt som seg sjølv når han er med Théo, og at han går tilbake til personen alle trur han er når han er med vennane sine. Kameraet, som òg fungerer som ei linse han og vi ser verda og viktige augneblink gjennom, er eit symbol på kva han må velje vekk om han følgjer foreldra sin plan.

Medrivande roman

Romanen utforskar viktige tema som vennskap, kjærleik, press, val og ansvar på ein lett og medrivande måte. Han rettar seg mot ungdommar og problemstillingane dei møter, utan å bli for påtrengande eller betrevitande.

Det er enkelt å sjå kva forfattaren prøver å gjere, og han lukkast godt med prosjektet sitt. Det hadde på ingen måte overraska meg om Alexander Kielland Krag vinn enda ein pris for denne romanen.

Dette er den perfekte boka for dei som går på vidaregåande og skal ta store livsval framover, men passar òg godt for dei som omgåast ungdom i kvardagen. Det at ho er sett til Frankrike, gir òg ein sommarfølelse som passar perfekt når ferien kjem.