Døveforbundet etterlyser fleire lærarar i teiknspråk. I staden fryktar dei kutt

– Døve er ofte den einaste teiknspråkbrukaren i klassen sin. Det fører til sosial isolasjon, meiner Elisabeth Frantzen Holte i Norges Døveforbund.

Eirik Dyrøy Lotsberg
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Vi treng heilt klart fleire teiknspråklærarar. Det er allereie vanskeleg å få tak i – og det er nesten umogleg å skaffa vikarar, skriv Elisabeth Frantzen Holte i ein e-post til Framtida.no.

Holte er konstituert generalsekretær i Norges Døveforbund (NDF).

Stortinget vedtok i vår ei ny språklov der norsk teiknspråk er anerkjent som eit offisielt språk. Holte vonar at fleire no vil få rett til å bruke og lære teiknspråk, og at posisjonen til språket vert styrka med fleire ressursar.

Elisabeth Frantzen Holte er konstituert generalsekretær i Norges Døveforbund. Foto: Norges Døveforbund

– Det er altfor få som studerer teiknspråk, så det er stor mangel på kvalifiserte lærarar og læremateriale. Tolkestudiet har heller ikkje vore endra på veldig mange år, skriv Holte.

Ho trekker likevel fram «Teiknspråkløftet» til Oslomet, som i ei ny satsing ønsker å gå i bresjen for å løfte teiknspråk- og tolkekompetansen i Noreg.

– Bør inn i skulen

Framtida.no skreiv tidlegare om Nydalen videregående skole og Vågsøy ungdomsskule, der høyrande elevar får høve til å ta teiknspråk som framandspråk.

NDF vil ha teiknspråk inn som framandspråk i skulen, på lik line med andre framandspråk. Holte trekker fram den nye språklova, som slår fast at staten har eit særleg ansvar for å fremje minoritetsspråka.

– Det er rart at skuleverket skal fremje andre språk, som tysk, framfor dei nasjonale minoritetsspråka, seier ho.

Gamle haldningar

Holte meiner at fleire høyrande burde lære seg å bruke teiknspråk. Med språket følger kulturen og forståing for posisjonen til døve i samfunnet, slår ho fast.

– Vi må avmystifisere gamle haldningar samfunnet har hatt til døve og norsk teiknspråk. Vi såg nyleg eit avisinnlegg som viste behovet for dette: Døve vart omtala som «døvstumme», og ordet «fingerspråk» vart brukt. Nedlatande haldningar om at døve ikkje kan få til høgare utdanning, er også utbreidde.

Holte skriv at døve vert veldig glade når andre oppriktig forsøker å kommunisere med dei.

– På nærbutikken har fleire tilsette lært seg tegna for kvittering og pose. Det gjer at eg kjenner meg sett og verdsett, sjølv om eg ikkje ventar at alle treng å lære seg det, skriv ho.

Sosial isolasjon

Tidlegare fekk teiknspråkbrukarar tilbod om å gå på eigne døveskular. Døveforbundet ønsker ideelt sett ei ny satsing på døveskular. I dag går mange døve i «integrerte» klassar, og ender gjerne opp med å vere den einaste i klassen eller på skulen som bruker teiknspråk.

– Det fører til sosial isolasjon og manglande høve til å utvikle sitt eige språk og sin kultur, skriv Holte.

I dag er det hovudsakleg Statped – den statlege spesialpedagogiske tenesta for kommunar og fylkeskommunar –  som produserer teiknspråkleg læringsmateriale.

Holte hevdar at Statped allereie har for få ressursar, og Solberg-regjeringa kom i 2019 med eit effektiviseringskrav på 150–200 millionar kroner.

Holte fryktar at kutta vil råke undervisingstilbodet hardt.


Emilie Waage (t.v.) og Marthe Halvorsen lærer teiknspråk som framandspråk på Nydalen vidaregåande skule. Foto: Eirik Dyrøy Lotsberg