«Det er ikkje rart ein kjenner seg mislukka»


Publisert
Oppdatert 20.04.2023 10:04

Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar.

Årets avgangselevar frå vidaregåande skule har brukt 1,5 år av utdanninga si i ein global pandemi. Ein pandemi som har gått hardt utover den mentale helsa til dei unge. Likevel fortset vi å framheve 6-ar-elevane.

Stort fokus på 6-ar-elevane

I løpet av dei siste vekene har det vore stort fokus på 6-ar-elevane. Dette er ikkje noko nytt. Så lenge eg kan hugse er perioden frå midten av juni til starten av juli ein periode der avgangselevar frå vgs med utruleg høge karaktersnitt får mykje merksemd i media.

Media flaumar over av saker om personar som fekk berre seksarar19 seksarar på vitnemålet av 19 mogelege, 21 seksarar av 22 mogelege, eller heile 6,4 i snitt.

Saker som seier det handlar om sjølvdisiplin og fortel «slik kan også du meistre skulearbeidet».

Det er særs tydeleg kva samfunnet meiner ein burde strekke seg mot, og kva det vil seie å vere vellukka.

Det er sjølvsagt imponerande å få til noko slikt, og sakene kan truleg verke til inspirasjon for andre. Likevel blir fokuset einsidig ved at ein berre løftar fram eine sida av saka. Elevane med dei høge snitta har truleg jobba hardt, men der er òg elevar som har jobba minst like hardt som ikkje får noko merksemd i media, sidan dei fekk lågare karakterar.

Kva som står på vitnemålet heng ikkje automatisk saman med innsatsen lagt i skulearbeidet, sjølv om ein kan få inntrykk av det motsette i media sine framstillingar.

6-arane og det høge snittet er ein del av perfeksjonsidealet, og vi har visst lenge at det å streve etter perfeksjon er det motsette av bra for vår mentale helse.

Perfeksjonsidealet går utover den mentale helsa

Då eg sjølv var avgangselev på Ulstein vidaregåande skule delte eg dei same oppfatningane: berre 6-aren var bra nok. Om eg fekk 4 eller 5 var eg ikkje fornøgd, og dei gongane eg fekk ein 6-ar kjende eg ikkje på glede, men var heller likegyldig. Sjølvfølelsen var eine og aleine basert prestasjonane mine, noko som ikkje er til å anbefale.

Desse forventningane følgte meg vidare til universitetet, for karakter- og prestasjonsjaget stoppar ikkje ved vgs.

Der kjem alltid til å vere noko meir å strekke seg etter. Det kan jo vere bra å sette seg mål, og finne meining i desse, men ikkje om måla er å alltid vere best eller perfekt.

Korleis unge opplever sin skulekvardag og korleis dei har det psykisk heng tett saman. I undersøkingane til Ungdata kjem det fram at krav og press om å prestere godt på skulen er hovudårsakane til at dei opplever stress knytt til skulen. Ungdommane kjenner på eit vedvarande prestasjonspress, at dei aldri får fri frå krav, og bekymringar rundt utdannings- og jobbmoglegheiter i framtida. Dette stresset kan forsterke psykiske helseplager.

Ein skulle tru at vi etter den perioden vi har vore inne i, og framleis ikkje er heilt ute av, hadde lært noko. Men det ser ikkje slik ut.

Ikkje bra nok

I staden for har det kome fram at ein ved enkelte skular har gitt ut premiar til elevane med høgast snitt. Kva signal sender dette ut til dei andre elevane? Jo, at dei er ikkje bra nok. Det er jo ein fin lærdom å ha med seg i bagasjen når ein skal ut i verda. Takk skal de ha.

Om definisjonen på eit vellukka menneske er å ha høgast mogleg karaktersnitt, så er det ikkje så rart om ein kjenner seg mislukka.

Eg hadde håpa på at vi skulle ha kome oss lengre som samfunn no. At vi kunne hylle han som måtte stanse skulegangen fordi han ikkje makta meir, men likevel kom tilbake og fullførte.

Eller ho som hadde det tungt, men kom seg igjennom vgs på ein eller annan måte.

Eller hen som hadde ei fin vgs-tid, lærte mykje om seg sjølv og verda, men gjekk ut med midt på treet standpunktkarakterar.

Det er på full tid at vi stoppar å idealisere dei skyhøge karaktersnitta! Og her har media eit stort ansvar i sine vektleggingar og framstillingar.


Har du noko på hjartet? Skriv inn til: tips @ framtida.no!

Isaac Elstad Røssnes er påtroppande 1. nestleiar i Press – Redd Barna Ungdom. I dette meiningsinnlegget kritiserer han Krf for å mangle kunnskap om kva kjønnskorrigerande behandling betyr for barna det gjeld. Foto: Privat.