Pikachu krev kolstopp i heimlandet

Bente Kjøllesdal
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

«Japan, det er på tide å kutte ut kolet.»

Det var bodskapen frå ei rekkje aktivistar som demonstrerte i Glasgow torsdag, utkledde som Pokémon-karakteren Pikachu.

Landet står ikkje berre for den verdskjende gule figuren, men òg for kring 18,5 prosent av verdas kol-forbruk. Aktivistane legg ekstra press på Japan i samband med COP26, der fokuset torsdag var på energi.

Det var skotske Glasgow Times som først omtalte saka.

Fossil

Japan er blant landa som har lova å verte karbonnøytrale innan 2050, men etter Fukishima-katastrofen som påverka kjernekraftindustrien i landet, har Japan vorte meir avhengig av kol- og gasskraft.

Frå demonstrasjonen i Glasgow torsdag. Foto: AP Photo/Alberto Pezzali

Same dagen som Noreg fekk verstingprisen Dagens fossil frå klimanettverket Climate Action Network (CAN) var også Japan blant mottakarane av den tvilsame æra.

Japan fekk andreplassen i etterkant av at statsminister Fumio Kishida fortalde dei frammøtte i Glasgow at fossile kraftverk er nødvendige for overgangen til fornybar energi.

– Trass i at utfasing av kol er sett som eitt av dei prioriterte måla for dette COP-et, så vil the land of the rising sun halde fram med å bruke kolkraftverk etter 2030 og til og med mot 2050, står det i grunngjevinga.

Samstundes skyt klimanettverket ned håpet om at ammoniakk og hydrogen kan vege opp for dei negative sidene ved å forbrenne fossilt brennstoff.

Storbritannia leier an i kolkutt

Storbritannia, som er vert for årets klimatoppmøte, leier eit initiativ om å fase ut kolet.

Torsdag annonserte over 40 land at dei forpliktar seg til å få fart på overgangen frå «kolkraft-generasjonen», som er«den største enkeltårsaka til den globale temepraturauken».

Landa er samde om å trappe opp produksjonen av fornybar energi raskt, og til å slutte å investere i nye kolkraft både innanlands og i utlandet.

– I dag trur eg vi kan seie at slutten på kolet er i sikte, sa den britiske COP26-presidenten Alok Sharma torsdag, ifølgje nyheitsbyrået Reuters.

Nokre av dei største aktørane held likevel attende si støtte til iniativet, mellom dei er Australia, Kina, USA og Japan.


Gaute Børstad Skjervø, nestleiar i AUF. Pressefoto AUF