Backpacking «etter» korona: «Er du sikker på at du ikkje vil vente litt?»


Publisert
Oppdatert 20.04.2023 10:04

Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar.

Veldig, veldig mange har spurt meg «Er du sikker på at du ikkje vil vente litt?».

Andre syntest det høyrdes heilt fantastisk ut å reise, nokre meinte eg var dumdristig.

Folk var redde for at eg skulle hamne i ein ny isolasjon i eit framandt land, eller at eg skulle bli smitta av ein av dei nye koronavariantane.

Men etter eitt år i eit kollektiv i Oslo, der kvardagen vart så grå at han nesten vart svart, orka eg ikkje meir.

Eg ville ut.

Eg var ikkje der eg skulle vere

Det å reise rundt omkring i verda har vore ein draum for meg lenge. I 2020 var planen å studere fyrst eitt semester i Barcelona, eitt semester i Buenos Aires, og så reise i Latin Amerika før eg måtte heim att til Noreg for å skrive bacheloroppgåve. 

Som for alle andre som hadde planar dei gledde seg til, vart også mine planar avlyste.

Etter mange veker i isolasjon i Barcelona, der frustrasjonen vaks i det internasjonale timannskollektivet og portforbodet hindra oss frå å gå ut, reiste eg tilbake til Noreg i staden for å fortsetje til Argentina.

Eg var sjølvsagt glad og letta for å sjå familie og vennar etter ein krevjande periode, men likevel kjendest alt heilt feil.

Eg var ikkje der eg skulle vere.

Emilie Hansen sit i karantene i Barcelona. Foto: Privat

Uvel av tanken på å studere

Samstundes som eg var på ein stad som føltest feil, skulle eg velje kva eg skal gjere vidare i livet mitt. Det var ikkje noko lett.

Eg var nesten ferdig med ei bachelorgrad der eg kunne ta ørten ulike masterar, utan å vite kva retning eg ville fortsetje i, for ikkje å nemne at studiemotivasjonen var ikkje-eksisterande. Berre tanken på å skulle fortsetje å studere gjorde meg uvel. 

Det at heile verda var sett på pause i denne perioden gjorde nok berre vondt verre. Det var ingen nye impulsar, og så og seie ingenting å glede seg til.

Med andre ord var det ikkje eit ideelt tidspunkt for å ta viktige val for framtida, for i denne perioda såg framtida ganske mørk ut.

Berre tanken på å skulle fortsetje å studere gjorde meg uvel.

Det einaste som føltest bra var tanken på å fare ut i verda igjen, og dette var jo noko som mange (meg sjølv inkludert) tenkte var umogleg.

Likevel starta eg å spare til den dagen det skulle vere mogleg å forlate Noreg. For meg vart det ein motivasjon gjennom pandemitida: alt er j**vleg no, men i det minste sparar eg pengar til å følgje draumen min når alt opnar igjen.

Etterkvart som 2020 gjekk over i 2021, og vi fekk vite at vi kom til å bli vaksinerte i løpet av sommaren, fekk eg nytt håp.

Eg måtte ikkje studere berre for å studere noko, og eg måtte ikkje jobbe berre for å jobbe. Eg kunne truleg fare ut og reise!

Skumlare med Oslo-nedstenging enn å vere stranda i utlandet

Eg takka nei til tilbod om studieplass, og starta å kjøpe utstyr til backpacking. Eg starta også å fortelje folk at eg kom til å reise, utan at eg visste heilt kvar eg skulle.

Reaksjonane eg fekk varierte veldig. Nokre var støttande, andre bekymra seg for at eg kunne bli sjuk, og mange vart misunnelege.

På eit tidspunkt hadde eg høyrt at eg ikkje burde reise no så mange gongar, formulert på alle moglege måtar, at eg starta å svare at tanken på endå ein lockdown-vinter i Oslo var skumlare for meg, enn å sitje fast i eit anna land.

Eg er også redd for at eg ikkje får moglegheit til å reise seinare. Vi lever i ei usikker tid, der verda er i stadig endring. Eg vil ikkje vente med å sjå verda vår, møte menneska som bur her, og oppleve dei ulike kulturane vi har, for eg veit ikkje om dette er noko som kjem til å vere mogleg om eg ventar.

Difor, tidleg om morgonen 15. september, reiste eg frå Noreg, utan å vite kva tid eg kjem tilbake.

Eg hadde bestemt meg for å ta eit friår, og at eg skulle nytte denne tida til å reise dit eg reise kunne. 

Emilie Hansen er reist til utlandet att etter eitt år i kollektiv i Oslo. Illustrasjon: Framtida.no

Pandemien er ikkje over

Så langt har eg vore i Spania og Italia, og eg har planar om å reise til Portugal, og deretter vidare til Latin-Amerika. Då eg reiste heimanfrå kunne eg kjenne at eg fekk ei slags ro, endeleg skjer det faktisk, eg reiser!

Det einaste som var planlagt då eg for var å besøke nokre venar i Barcelona, og så fare vidare til eit hus utanfor Alicante. Eg ville ikkje planlegge så mykje i forkant, i frykt for at verda skulle stenge ned igjen.

Om det skulle vere nokon tvil: Pandemien er ikkje over.

Her i Europa er jo dei fleste vaksinerte, og vi har kome tilbake til ein nokså normal kvardag. Likevel er det framleis ein del reglar som ein må overhalde grunna koronaviruset.

For å kome inn i Spania og Italia måtte eg ha fylt ut eit skjema med personleg info, kva land eg kom frå, kva land eg har vore i dei siste 14 dagane, kva adresse eg skal bu på i Italia eller Spania, og om eg er vaksinert eller ikkje.

Om eg ikkje har fylt ut dette skjemaet, eller har fylt det ut feil, slepp eg ikkje inn i landet eller risikerer å få ei stor bot. Så langt har dette gått heilt fint (bank i bordet!).

No har det berre vorte ein del av rutinane. Det er ikkje lenger noko eg stressar med, men heller noko eg synest er kjedeleg å bruke tid på. Om eg ikkje var vand med å bestille meg turar frå før av, så hadde eg nok hatt eit heilt anna forhold til det fleire sider lange skjemaet. Vi er ikkje akkurat så gode vennar no heller. 

Ein av mange køar for å vise koronapass. Foto: Privat

Munnbind og «greenpass»

Sist gong Emilie Hansen var i Barcelona, var munnbind påbode. Foto: Privat

I Spania er det ganske avslappa no. Då eg budde i Barcelona i fjor vår var så og seie alt stengt. Ein fekk berre lov å gå ut av huset på bestemte klokkeslett (etter fleire veker med portforbod!), og det var mykje politi i gatene som passa på at folk ikkje for ut. Ein måtte også ha på seg munnbind i gatene, og helst gummihanskar.

I dag må ein framleis ha på seg munnbind på kollektivtransport, museum, kaféar og liknande, men livet her no kan ikkje samanliknast med korleis det var for over eit år sidan.

No er det ikkje noko problem å bu på hostell med sju heilt tilfeldige menneske på same rom.

I Italia derimot er ting litt strengare. Der må ein også bruke munnbind, men ein må i tillegg ha «Greenpass», altså eit bevis på at du er ferdigvaksinert, for å sleppe inn på kaféar, restauranter, barar og museum.

Somme stadar må du også skanne ansiktet ditt for å bevise at du ikkje har feber, før du kan kome inn.

Pandemien har gjort slik at ein må vente litt lengre i kø, og fylle ut litt fleire papir.

Utanom det så vil eg seie at det går heilt fint å reise, det vil seie om du er fullvaksinert og held deg vest i Europa. Ein må sjølvsagt halde seg oppdatert på endringar i koronasituasjonen, og eventuelle lovar og reglar som kjem med dette. 

Pulsen stig og eg uroar meg for kva som kan skje

Desse dagane prøvar eg å sette meg inn i dei ulike reglane i Latin-Amerika, kva land eg slepp inn i og ikkje, og kvar eg må i karantene ved innreise.

Eg må innrømme at eg ikkje er like avslappa når eg les at eit land eg ønskjer å besøke har åpna grensene sine «førebels», men at dette kan endre seg raskt.

Tanken på å sitte fast i eit land på andre sida av Atlanteren er ikkje så hyggeleg akkurat.

Å sitte fast i Spania på grunn av korona har eg allereie gjort, så det bekymrar eg meg ikkje for. Men når det er på andre sida av havet blir det noko heilt anna (noko mora mi er veldig fornøgd med at eg innrømmer). 

Utsikt frå taket på huset der Emilie Hansen budde i Alkabir. Foto: Privat

Sjølv om pulsen stig og eg uroar meg for kva som kan skje, ønskjer eg framleis å reise til denne delen av verda. Truleg kan eg ikkje besøke alle landa som eg kunne ha tenkt meg. Men heldigvis er der nokre land som det er mogleg å besøke som fullvaksinert.

Om pandemien skulle bli mykje verre så reiser eg sjølvsagt ikkje, men eg kryssar fingrane for å kunne reise til Mexico neste månad.

Ikkje berre berre for samvitet å reise

Det er ikkje berre berre for samvitet å reise no. Om eg tenkjer for mykje på kor privilegert og heldig eg er, føler eg meg ekkel. Sjølvsagt føler eg på dette når eg tenkjer på at eg har moglegheit til å reise fordi eg kjem i frå Noreg, og er fullvaksinert.

Og at ein heime i Noreg seier at pandemien er over, medan store delar av verda ikkje har tilgang på vaksinar. Sjølvsagt er det ekkelt. 

Om eg tenkjer for mykje på kor privilegert og heldig eg er, føler eg meg ekkel

Også med tanke på klima og miljø slit det på samvitet å reise. Men eg prøver å ta mest mogleg kollektivtransport, fly minst mogleg, og elles ta grøne val.

Eg trøystar meg med at eg truleg brukar mindre pengar på kle, sminke, smykke og anna når eg er ute og reiser, sidan eg ikkje har plass i sekken til å kjøpe noko.

Det tek ikkje lang tid før ein innser kor lite ein eigentleg treng.

Eg har det mykje betre no

For fyrste gong på mange år er det ikkje noko eg stressar med, og eg nyt kvilepulsen! Sjølv om ikkje alle forstår det eller støttar meg i valet, så angrar eg ikkje.

Foto: Emilie Hansen

Eg tek forholdsreglar når det kjem til smittevern, og tryggleiken min generelt. Og eg reiser for å lære og å oppleve verda, ikkje for å leve eit luksusliv.

Dette, kombinert med at eg har det mykje betre no enn eg har hatt det på lenge, hjelper på det dårlege samvitet eg har med tanke på å reise i den tida vi er i no.


Foto: Pressefoto: Kollasj: Framtida.no