«Dagen Noreg sluttar å kjempe for havet, er dagen me tapar!»
Botntråling, overfiske og for dårleg regulert oppdrettsindustri har skapt ufattelege konsekvensar for havbotnen og havet, skriv Kristoffer Bjørnevik Vyzantios.

Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar.
I går kveld slo eg meg ned i sofaen for å sette på den nyaste David Attenborough dokumentaren, «Ocean». Eg har vore fan så lenge eg kan hugse, det var han som fekk meg til å elska havet.
Sidan eg var ein liten gut, har eg vore med sjøen, me hadde hytte med sjøen og bestefar var fiskar. Det er ikkje berre eg som har vore med havet, det er jo sjølve grunnlaget for det samfunnet me har her i Noreg i dag.
Det er difor det gjer meg så ufatteleg vondt, korleis me gong på gong legg sjøen bak oss. Botntråling, overfiske og for dårleg regulert oppdrettsindustri har skapt ufattelege konsekvensar for havbotnen og havet.
Rapportar anslår at tareskogen som er utbreidd langs heile norskekysten kan ta opp opptil 4,5 millionar tonn med CO₂ i året. Medan botntrålinga her i Noreg er med på å rive opp tareskogen og øydeleggje habitat for artsmangfaldet langs Noregskysten. Botnsedimentet i havbotn absorberer òg tallause mengder med CO₂. Når me trålar i botn så røskar me alt dette ut i krinslaupet igjen.
Overfiske i Noreg bidreg stort til at artsbestandar søkk, sjølv om me har strenge reguleringar. Det er store mørketal i fiskeindustrien, og det er ikkje sjeldan at båtar tar meir enn det kvoten tillèt.
Gruvedrift på havbotnen er noko Noreg har opna opp for, som har uante konsekvensar for det sårbare økosystemet i havet. Mange forskarar er imot men Noreg er for, trass i anbefalingar.
Noreg som nasjon er avhengig av kysten og havet for å overleve, og mykje av det grunnlaget øydelegg me på grunn av dollarteikn i auga. Me skal ikkje leggje ned fiskeindustrien, men reguleringar er naudsynte. Dagen me sluttar å kjempe for havet er dagen me tapar! David Attenborough sjølv tar fram viktigheita av å forsvare havet, og me treng fleire som han.
Verdas hav er ikkje ein endelaus ressurs, helsa til havet er direkte kopla til vår overleving. Me må vere i front for å beskytte havet, sidan me er så avhengige av det sjølve.