Etter 16 år med Merkel: Dette kan bli Tysklands nye regjering

Eirik Tangeraas Lygre
Publisert
Oppdatert 15.10.2021 15:10

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Det har lenge vore knytt stor spenning til kven som skal overta som tysk forbundskanslar etter Angela Merkel. Etter det tyske forbundsdagsvalet 26. september var lite avgjort. Det sosialdemokratiske SPD gjekk rett nok fram over fem prosentpoeng, til 25,7. Samstundes gjekk Merkels kristendemokratiske union tilbake 8,9 prosentpoeng, til 24,1.

Dei to partia har regjert saman i ein såkalla storkoalisjon dei siste åra, men var begge tydelege på at dei ikkje lenger skulle samarbeida etter valet.

Dermed var det opp til dei mindre partia å avgjera kven som skulle få danna regjering. Dei liberale Fridemokratane (FDP) gjekk såvidt fram, til 11,5. Men det store samtaleemnet var kor store Dei grøne kom til å bli.

På eit tidspunkt i sommar låg miljøpartiet an til å bli aller største parti, med over 26 prosent oppslutning i snitt. Fasiten på valdagen blei likevel 14,8 prosent, ein framgang på seks prosentpoeng. Normalt eit resultat å jubla for, men litt skuffande i akkurat dette tilfellet.

Merkel-etterfølgaren ingen ville ha

Dei siste to vekene har det vore intense «førsonderingar» mellom alle desse fire partia. I praksis har det vore opp til Dei grøne og FDP å velja mellom ein «trafikklyskoalisjon» med sosialdemokratisk kanslar, eller ein meir høgreorientert «Jamaica-koalisjon», under leiing av den kristendemokratiske kanslarkandidaten Armin Laschet.

Han blei aldri særleg populær Armin Laschet, leiar av kristendemokratiske CDU. Laschet skulle overta etter Angela Merkel, som framleis er landets mest populære politikar etter 16 år som kanslar. Det gjekk heller dårleg, og partiet mista nesten ni prosentpoeng. Her snakkar Laschet, som no ser ut til å trekka seg som leiar, med media i partiet sine hovudkvarter i Berlin, 07. oktober. (AP Photo/Markus Schreiber)

Laschet kom sigrande ut av ein lang og kaotisk prosess i det kristendemokratiske partiet, der ei heil rekke menn med lang fartstid i partiet viste seg å ville ta over styringa etter Merkel. Men sjølv om han vann fram innad i partiet, har Laschet vist seg lite populær blant tyske veljarar, og blir ofte skildra som særleg ukarismatisk, sjølv til tysk politikarar å vera.

Onsdag blei vondt verre for Laschet og kristendemokratane. Då blei det klart at Dei grøne og FDP vil gå i sonderingar med sosialdemokratane, leia av 63-årige Olaf Scholz, som har vore tysk finansminister dei siste åra.

Alle vil inn i Reichsluftfahrtministerium

Eit sentralt spørsmål i dei kommande sonderingane er kven som skal bli ny finansminister i det mektige tyske finansdepartementet. Med sine 56 000 kvadratmeter og over 2000 kontor, husa i det som ein gong var Gørings riksluftfartsministerium, er departementet eit opplagt mål både for Dei grøne og FDP.

Det har stor betyding både for Tyskland og Europa kven som eventuelt overtar.

På den eine sida står grøne Robert Habeck, som er utdanna filosof, vegetarianar og togfarar. I partiet hans er viljen stor til å bruka meir pengar på klimatiltak, og tanken er at den økonomiske politikken eit land fører også avgjer korleis samfunnet handterer klimakrisa.

I praksis har desse tre, som her kjem ut frå førsonderingar i Berlin 01. oktober, hatt makt til å peika ut Tysklands nye regjering. Til venstre leiarane for Dei grøne, Robert Habeck og grøn kanslarkandidat Annalena Baerbock. Til høgre leiar for liberale FDP, Christian Lindner. (Michael Kappeler/dpa via AP)

I andre enden står FDP-leiar Christian Lindner, som køyrer Porsche og er kjend for å dra ofte på jakt. Økonomisk konservative Lindner ser tvert imot offentleg pengebruk som eit problem. FDP vil ha ein mindre stat som bruker mindre pengar, slik at også skattane kan senkast, med mål om å «frigjera» økonomien. Også for andre land i eurosona vil Lindner gjera det vanskelegare å bruka pengar.

Ny regjering, ny politikk

Den nye regjeringa kan altså føra til store økonomiske omveltningar. Men også på andre område kan det skje store endringar.

Alle dei tre partia som no går i sonderingar er grunnleggande positive til ein meir liberal innvandringspolitikk. Både Dei grøne og FDP vil gjera det enklare for arbeidsinnvandrarar å komma til landet. Dei grøne vil også meir generelt ha ein klart meir liberal innvandringspolitikk.

Dei grøne og FDP er begge tydelege tilhengarar av å legalisera kontrollert omsetning av cannabis. Sosialdemokratiske SPD er for sin del meir forsiktige, men vil sjå på ulike forsøksprosjekt med legalisert omsetning innanfor avgrensa rammer.

I klimapolitikken står derimot dei tre partia langt ifrå kvarandre. Medan Dei grøne vil ha klart mest ambisiøs klima- og miljøpolitikk, er liberale FDP heilt i andre enden.

I ei mykje omtalt studie er FDP sitt program ikkje i nærleiken av å oppfylla dei tyske klimamåla som er fastsett etter den tyske klimalova, og kjem dårlegast ut av alle tyske parti. Dei grøne får høgast skår, mens både kristendemokratane og sosialdemokratane kjem ut midt på treet.

Somme er folkeparti for gamle, andre for unge

Klima var suverent viktigast sak for tyske veljarar, og endå viktigare for unge veljarar. To dagar før valet deltok anslagsvis 600 000 tyskarar i klimastreik over heile landet.

Ei av overraskingane ved det tyske forbundsdagsvalet var derfor at liberale FDP gjorde det så godt blant unge. Heile 21 prosent av veljarane under 25 år gav stemma si til Fridemokratane. Dei grøne, med 23 prosent oppslutning, var såleis berre såvidt større blant veljarar under 25.

Blant førstegongsveljarar var dei to partia like store, på 23 prosent.

Det kan skuldast at FDP har marknadsført seg sjølv som eit moderne og ungt parti, med stor vekt på digitalisering. Med sitt fokus på forandring, gründerskap og lågare skattlegging, har dei gitt mange unge, med dystre framtidsutsikter, tru på betre økonomiske tider.

Både FDP og Dei grøne var med det langt større blant unge enn dei såkalla «folkepartia» SPD og CDU/CSU, som fekk høvesvis 15 og 10 prosentpoeng i aldersgruppa under 25 år. No er sosialdemokratane og kristendemokratane først og fremst folkeparti blant dei over 60.

I den aldersgruppa får dei to partia framleis godt over 30 prosent.

Maria Ponce de León (20) (t.v.) og Christina Corrales (20). Foto: Emilie Hansen