Kongen opna sametinget: – Klimaendringane rammar urfolk spesielt hardt

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Vi ser i dag fleire døme på at klimaet er i endring. Klimaendringane rammar dei arktiske områda og urfolk spesielt hardt. Samar som arbeider i tradisjonelle naturbaserte næringar, opplever at føresetnadene er under endring, sa kongen i talen sin til dei 39 folkevalde sametingsrepresentantane.

Til stades i salen var òg kronprins Haakon.

Kongen trekte fram erfaringar med ekstremvêr i samiske område i 2020, både mildvêr, kulde og store mengder is og snø.

– Reindriftssamfunnet la ned ein stor innsats for å redde dyra sine, sa han.

Kong Harald retta søkjelyset mot både klimaendringar og samehets, då han opna det 9. Sametinget. Foto: Vaino Rensberg/Sametinget/Flickr/ CC BY-NC-SA 2.0

Kongen retta òg merksemda mot samar som har stått fram og fortalt om samehets og om psykisk og fysisk vald.

– Å stå fram med slike historier krev stort mot og stor styrke. Vi kan berre førestille oss kor vanskeleg det må ha vore. Nettopp derfor skal vi med audmjukskap og respekt møte både dei som fortel, og dei som vel ikkje å fortelje, sa kongen.

Utfordringar under pandemien

Det er det 9. sametinget som vart opna onsdag. Sjølve konstitueringa skjer seinare onsdag, og torsdag blir òg Silje Karine Muotka (NSR) valt til ny president.

Muotka tek over etter Aili Keskitalo frå same parti.

Kongen vart mellom anna teken imot av plenumsleiar i Sametinget Tom Sottinen. Han uttrykte glede for å kunne vere tilbake i plenumssalen etter ein lang periode med strenge avstandskrav og smitteverntiltak.

– Det samiske folket kallar seg grenselaust, men under pandemien vart grensene tydelege hinder for folket vårt. Statsgrensene og handteringa til dei ulike statane av covid-19 har skapt utfordringar for samhandlinga vår og det samiske samarbeidet, sa Sottinen.

Tom Sottinen (Ap) har vore innvald på Sametinget sidan 2017. Foto: Vaino Rensberg/Sametinget/Flickr/ CC BY-NC-SA 2.0

Han meiner dei nordiske statane bør søkje råd frå sametinga i Noreg, Sverige og Finland for å finne løysingar for å fjerne slike grensehindringar i framtida.

– Må hentast inn tidleg nok

Til stades i salen var mellom anna kommunalminister Bjørn Arild Gram (Sp) og Stortingets visepresident Svein Harberg (H).

– Sametinget er ved sjølve eksistensen sin gjennom meir enn tre tiår kanskje det beste teiknet på at uretten i fortida mot det samiske folket langsamt er på veg til å bli anerkjend og retta opp, sa Harberg i helsingstalen sin.

Han understreka at dei på Stortinget må passe på at Sametinget blir henta inn tidleg nok i relevante saker.

– På den andre sida er vi på Stortinget avhengig av at Sametinget sjølve aktivt bidreg til at Stortinget får den kunnskapen og informasjonen som skal til, seier han.


Ina-Theres Sparrok har alltid visst ho vil drive med rein, slik som generasjonane føre ho. Foto: Privat